English version of this page

Årsrapportar

I 2025 har dei tilsette ved UiA – Senter for likestilling arbeidd målretta for å skape reelle moglegheiter, spreie kunnskap og utfordre etablerte normer. Frå arbeidslivet og akademia til offentleg sektor og samfunnet elles.

Høgdepunkt for 2025

7. mars: Krafta i likeverd – Saman for ein rettferdig prestasjonsutvikling

Konferanse om helse, utøvarperspektivet, støtteordningar og inkludering.

26. mars: Rapport om offentlige tenester sitt møte med skeive

Lansering av rapport i samarbeid med NORCE om offentleg tilsette sin kompetanse på skeiv tematikk, og deira kunnskap om og handtering av likestillingsplikta.

14. august: Arendalsuka

Samarbeid med dei nasjonale likestillingssentra og Kilden kjønnsforsking i UiA-teltet om tema «Ingen å vere nær – om menn, sex og utanforskap» og «Sjukefråvær og kjønn: forklaringar, utfordringar og løysingar».

25. august: «Red Flag»-kampanjen på førsteplass

Senteret og UiA si kommunikasjonsavdeling vann med haldningskampanjen «Red Flag» under EUPRIO Awards (europeisk organisasjon for kommunikasjonsmedarbeidarar i UH-sektoren).

6. september: Inspirasjonssamlinga «Korleis skape trygge meinigheiter for skeive?»

Samarbeid med Nettverket – ei kyrkje for alle for å belyse korleis det kan opplevast å vere skeiv og kristen, og korleis ein kan arbeide for å inkludere skeive på ein betre måte i kristne fellesskap.

18. september: «The visible invisibles? Being a minority background academic in Norway»

Nasjonal konferanse for akademikarar med minoritetsbakgrunn, med mål om å byggje fellesskap og skape reelle moglegheiter.

18. oktober: Dragshow: Kors og korsett – ei openberring i høge hælar

Show og kompetanseheving om kjønn, tru og mangfald i Grimstad kulturhus i samarbeid med X-dolls.

11. desember: Lansering av «Mangfaldsrettleiaren»

Lansering på UiA med to seminar av ein digital rettleiar om inkluderande kommunikasjon og biletebruk, samt handboka «Ein dans på normer».

 

 

Årsoppsummering

I 2025 har dei tilsette ved UiA – Senter for likestilling arbeidd målretta for å skape reelle moglegheiter, spreie kunnskap og utfordre etablerte normer. Dette gjeld både i arbeidslivet, i akademia, i offentleg sektor og i samfunnet elles. Som det einaste likestillingssenteret i Noreg som er knytt til eit universitet, har vi særlege føresetnader for å bidra til auka likestilling.

Fagkompetansen ved senteret skal i større grad takast i bruk i undervisningssamanhengar, mellom anna i studiet kjønn, makt og mangfald. Samstundes skal senteret arbeide aktivt for å hente inn finansiering til å leie forskingsprosjekt. Mot slutten av 2025 vart det difor sett i gang arbeid med ein ny strategiplan for senteret.

Føremålet er å tydeleggjere verdiar, prioriteringar og mål, både internt i organisasjonen og i det eksterne samarbeidet. I 2025 har senteret nytta universitetet som ein møteplass for likestillingsaktørar gjennom fleire arrangement.

Senteret arrangerte UiAs likestillings- og mangfaldskonferanse i samarbeid med Likestillings- og mangfaldsutvalet (LMU) ved UiA og ei regional arbeidsgruppe, der mellom andre Statsforvaltaren i Agder, Agder fylkeskommune, Kristiansand kommune, Arendal kommune og LO Agder deltok.

Fleire av senteret sine medlemmer var òg med på å etablere den nye gruppa «Diversity UiA», som arrangerte ein konferanse om minoritetsstress i akademia.

I tillegg var senteret med på å arrangere ei inspirasjonssamling med temaet «Korleis skape trygge kyrkjelydar for skeive?» i samarbeid med Nettverket – ei kyrkje for alle, med deltakarar frå Frikyrkja.

Slike samlingar styrkjer nettverka våre, både regionalt og nasjonalt.

I 2025 har senteret òg utvikla fleire ressursar knytte til inkludering. Vi lanserte ein digital mangfaldsrettleiar, basert på handboka «Ein dans på normer». «Mangfaldsrettleiaren» er laga for alle som ønskjer å kommunisere inkluderande, særleg tilsette i mediebransjen, offentleg og privat sektor, rekruttering og høgare utdanning.

I 2025 leverte senteret òg ei utstilling om digital inkludering til fylkesbiblioteka i Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag, Vestland og Møre og Romsdal. Utstillinga formidlar erfaringar frå personar som har opplevd digitale barrierar.

Arbeidet med kjønns- og seksualitetsmangfald har vist oss kor avgjerande synleggjering og kompetanseheving er for å skape reell endring – særleg i ei tid der vi ser aukande polarisering og motstand mot skeive sine rettar.

Gjennom podkasten «Skeiv dagsorden» blir forskingsbasert kunnskap om aktuelle tema gjort tilgjengeleg, både regionalt og nasjonalt.

Vi er òg stolte over vidareutviklinga av arbeidet vårt mot seksuell trakassering. Haldfingskampanjen «Red Flag» vart gjennomført på nytt i 2025, og har skapt viktig debatt og bidrege til å ansvarleggjere utøvarar av seksuell trakassering – eit perspektiv vi altfor sjeldan ser i det førebyggjande arbeidet.

Dette er eit døme på korleis vi arbeider aktivt for kulturendring, og ikkje berre medvit.

I august 2025 vann den same kampanjen den internasjonale prisen for «framifrå og nyskapande kommunikasjonsarbeid som gjer ein skilnad» under EUPRIO-konferansen i Lisboa.

Senteret har vore ei tydeleg røyst i samfunnsdebatten i 2025. Vi har bidrege til ein breiare diskusjon om likestilling i Agder gjennom 75 medieoppslag, inkludert 49 nyheitssaker.

Dette viser at arbeidet vårt ikkje berre engasjerer, men òg er med på å setje dagsorden for viktige samfunnsspørsmål. Sjølv om vi har oppnådd mykje, veit vi at arbeidet for likestilling og mangfald aldri tek slutt.

Vi treng framleis kunnskapsbaserte tiltak, politisk vilje og engasjement frå både enkeltpersonar og organisasjonar for å drive arbeidet vidare.

Tusen takk til alle som har bidrege i 2025: dyktige medarbeidarar, gode samarbeidspartnarar, dei nasjonale likestillingssentra og Reform – ressurssenter for menn.

Ein særskild takk går til Universitetet i Agder (UiA), Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Agder fylkeskommune, som har finansiert arbeidet vårt.

Saman held vi fram arbeidet for eit meir rettferdig og inkluderande samfunn – med kunnskap, samarbeid og handlekraft.

Lee Michael Shults, fungerande leiar