Korleis blir menneske diskriminerte i vår digitale verd? Er digitale tenester tilgjengelege for alle? Og korleis opplevast det å møte digitale tenester ein ikkje meistrar, har tilgang til eller manglar føresetnader for å bruke?
I samarbeid med fotograf Tomas Gunnarsson, òg kjend som Genusfotografen, utvikla Senter for likestilling ved UiA utstillinga i 2024. Ho vart først vist på folkebiblioteka i Agder, og etter stor interesse blir ho no utvida til ei nasjonal vandreutstilling.
Frå Agder til heile landet
Utstillinga starta si nasjonale reise i Rogaland, der ho blir vist på fleire bibliotek i løpet av 2025 og 2026. Rogaland fylkesbibliotek var blant dei første som takka ja til å ta imot utstillinga, og i slutten av april 2025 blir ho opna i samband med konferansen Digital inkludering, arrangert av Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune.
Fleire fylkesbibliotek har alt meldt si interesse for å ta imot og distribuere utstillinga vidare i sitt fylke.
Målet er at utstillinga skal bidra til auka medvit, redusere stigma og oppmode til samtalar om korleis vi kan skape eit meir inkluderande digitalt samfunn. Samstundes gir utstillinga høve til å løfte tematikken på systemnivå og auke kompetansen blant tilsette og utviklarar av kommunale tenester.
Les meir om digital inkludering og sjå utstillinga i PDF-format
Kvifor digital inkludering?
Ein av fem nordmenn opplever ulike barrierar som kan føre til digitalt utanforskap. Svake digitale ferdigheiter er berre éi av dei. Andre barrierar kan vere mangelfull tilgang til digitale tenester, eiga helse- og livssituasjon, forståing av korleis det offentlege er organisert, eller språkferdigheiter. Barrierane kan auke terskelen for digital deltaking i samfunnet og gjere det vanskelegare å få tilgang til viktige tenester.
Rapporten «Hvem har høy risiko for å falle utenfor?» viser at vi har for lite kunnskap om desse barrierane, og at meir forsking og kartlegging vil vere sentralt i vidare arbeid med å løyse utfordringar som fører til digitalt utanforskap.
I utstillinga deler menneske sine autentiske erfaringar og tankar – på vegner av seg sjølve eller andre – knytte til barrierar i møte med digitale tenester. Samstundes får vi innsikt og råd frå sentrale offentlege aktørar som arbeider for digital inkludering.
Ansvarlege for digitale tenester har ei viktig rolle i å byggje ned barrierar og sikre at alle har høve til å delta. For å få til det må vi samarbeide – hente inn erfaringar, dele kunnskap og sørgje for at digitale løysingar er tilgjengelege for alle. Folkebibliotek er ein perfekt og tilgjengeleg arena for dette.
Vil du ha utstillinga til ditt fylkesbibliotek?
Senter for likestilling stiller med ferdig trykt utstillingsmateriell: ei stor utgåve til sentrale bibliotek og ei mindre utgåve til distriktsbibliotek, med tilhøyrande brosjyrar.
Fylkesbiblioteka som tek imot utstillinga, får ein ferdig utvikla ressurs som dei fritt kan distribuere vidare i sitt fylke. Dette gir høve til å knyte utstillinga til konferansar og andre tilbod biblioteka har eller ønskjer å utvikle.