Klima og miljø
På UiA jobbar vi kontinuerleg for å ta vår del av ansvaret for vår tids største utfordring: Klima og miljø. Vi har utarbeidd ein handlingsplan med seks fokusområde for å bidra til ei grønare drift av universitetet og redusert klimafotavtrykk.
Dei seks fokusområda våre:
1. Klimagassreduksjon
Mål 2030: UiA skal ha ei klimanøytral drift innan 2030.
Mål 2024:
1. UiA skal ha ein klimarekneskap med konkrete utsleppsmål fordelt på definerte kategoriar.
- Tiltak: Opplæring i klimarekneskapen.
- Tiltak: Gjennomføre analysar av klimarekneskapen.
- Tiltak: Innføre digitale verktøy for miljø- og klimaoppfølging.
- Tiltak: Innarbeide klimarapportering som ein integrert del av årsrapporteringa.
2. UiA skal bruke klimarekneskapen som grunnlag for overordna avgjerder, både policyavgjerder og avgjerder om prosjektgjennomføring.
- Tiltak: Identifisere utsleppskjelder og arbeid med løysingar for å redusere desse.
- Tiltak: Utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om reiseaktiviteten, og etablere ein reisepolicy for meir miljø- og klimavenlege løysingar.
3. UiA skal jobbe med byggeigarane for reduserte utslepp ved gjennomføring av byggeprosjekt
- Tiltak: Auke kunnskapsgrunnlaget i forhold til moglegheiter og kostnader for val av grøne løysingar i byggeprosjekt.
- Tiltak: Arbeid for utsleppsfri byggeplass.
2. Redusert og fornybar energibruk
Mål 2030: UiA skal redusere energibruken på campus med 40 prosent innan 2030.
Mål 2024: UiA skal redusere energiforbruket på campus med 15 prosent.
- Tiltak: Auke kunnskapsgrunnlaget om energibruken og greie ut moglege reduksjonar.
- Tiltak: Identifisering og gjennomføring av enkle tiltak for reduksjon av energiforbruk i eksisterande bygningsmasse i samarbeid med byggeigar.
- Tiltak: Greie ut større lågenergiløysingar med implementeringsplan i samarbeid med byggeigar.
- Tiltak: Utarbeide årleg energirapport med forslag til vidare løysingar baserte på tiltaka ovanfor.
3. Miljøvenleg transport
Mål 2030: All transport knytt til UiA skal vere utsleppsfri (ikkje-fossil).
Mål 2024:
1. UiA skal ha standard etterspørsel av utsleppsfri transport av person, varer og tenester i ordinære anskaffingar.
Tiltak: Berre bruk av utsleppsfrie køyretøy i eiga driftsverksemd
2. UiA skal jobbe for at fleire skal gå, sykle eller reise kollektivt til og frå jobb.
- Tiltak: Utarbeide ein kommunikasjonsplan for auka bevisstheit og synleggjering av moglegheiter.
- Tiltak: Samarbeide med relevante aktørar for tilstrekkeleg godt kollektivtilbod og gå- og sykkeltrasear..
3. UiA skal legge til rette for tilsette og studentars utsleppsfrie køyretøy.
Tiltak: Implementere infrastruktur for parkering og lading dimensjonert for vekst i utsleppsfrie køyretøy.
4. UiA skal redusere utslepp knytte til reiseverksemd, spesielt frå flyreiser.
- Tiltak: Utarbeide ein institusjonell reisepolicy for å avgrense utslepp, sjå også område 2.
- Tiltak: Greie ut moglegheiter for samarbeid og læringsplattformer med andre universitet.
4. Avfallsreduksjon og auka sortering
Mål 2030: UiA skal redusere avfallsmengda med 40 prosent per brukar, og dessutan auke kjeldesortering til 75 prosent i samarbeid med byggeigar.
Mål 2024: UiA skal redusere avfallsmengde med 20 prosent per brukar.
1. UiA skal redusere avfallsmengde
- Tiltak: Gjennomføre analyse av avfall og -kjelder.
- Tiltak: Gjennomføre reduksjon basert på analysen, og utarbeide forslag til vidare reduksjonar.
- Tiltak: Identifisere felles tiltak med SiA for avfallshandtering i kantinedrifta.
2. UiA skal legge til rette for lang levetid, gjenbruk og gjenvinning.
- Tiltak: Etablere gjenbruksprosjekt og synleggjere desse.
- Tiltak: Utarbeide eit digitalt system for utveksling og gjenbruk av fungerande utstyr og materiell.
5. Grøne innkjøp
Mål 2030: Innkjøp skal vere eit sentralt verkemiddel for å realisere miljøgevinstar og bidrar til reduksjon i utslepp av klimagassar.
Mål 2024: UiA skal handheve standard miljøkrav for alle anskaffingar, og dokumentere miljøeffekt av desse.
- Tiltak: Innføre krav om at minimum 80 % av innkjøpsvoluma til universitetet skal gjennomførast hos leverandørar som er miljøsertifiserte, eller på annan måte kan gjere greie for fotavtrykket.
- Tiltak: Greie ut om klima- og miljø kan vere eit førande kriterium for innkjøp.
6. Bygg
Mål 2030: Areala og byggmassen knytt til Campus Kristiansand og Campus Grimstad blir forvalta til det beste for miljøet, for studentar og for tilsette.
Mål 2024: UiA skal betre arealutnyttinga.
- Tiltak: Bruke Campusutviklingsplanen for å etablere ei oversikt og analyse av eksisterande arealutnytting, og foreslå tiltak for betre utnytting.
- Tiltak: Etterspørje miljøprofil ved leie av areal, og legge miljøstandarden i bygningane som eit kriterium ved val av leigeobjekt.
Visste du at...
- Vi har over 4000 m² med solceller på campus.
- Vi kjeldesorterer cirka 60 prosent av avfallet vårt.
- Vi har redusert energiforbruket vårt med 17 prosent per m² i Kristiansand.
Sjå eksempel på korleis vi jobbar:
-
På tide å skifte dekk? UiA sponsar dekkskifte 12. okt. 2026 12:44
Frå 19. oktober til 6. desember betalar UiA delar av beløpet når tilsette og studentar skiftar sykkeldekk hos utvalde sykkelbutikkar.
-
Flaggermusa trivst på UiA 22. okt. 2025 07:45
Har du sett nokon av flaggermuskassene som er plasserte rundt på begge campus? No har dei fått besøk av små flaggermus. Les kvifor dette heng saman med UiAs miljøtiltak.
-
På UiA sorterer vi 56 prosent av avfallet vårt. Kan vi bli enda flinkere? 7. feb. 2025 08:00
Tenker du at kildesortering er lett, eller er du litt usikker på hva som er riktig? Test deg selv med vår sorteringsquiz og få med deg noen enkle tips!
Kontakt oss:
Har du spørsmål eller innspel til klima- og miljøarbeidet vårt?
- E-post
- katharina.r.bjornestol@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 17 05