English version of this page

Flaggermusa trivst på UiA

Har du sett nokon av flaggermuskassene som er plasserte rundt på begge campus? No har dei fått besøk av små flaggermus. Les kvifor dette heng saman med UiAs miljøtiltak.

Dvergflaggermus i kasse

Foto: Roar Solheim/UiA

Av Ådne Dokken Bakkerud
Publisert 22. okt. 2025 - Sist endret 12. des. 2025

Gjennom prosjektet BIOMANG har det blitt gjennomført ei rekke tiltak for å jobbe med FNs berekraftsmål for biologisk mangfald på UiA.

- Å vareta biologisk mangfald på campus bidrar både til undervising og forsking, eit godt læringsmiljø og til å involvere lokalbefolkninga i å bevare naturen, seier miljørådgvier Katharina Reionn Bjørnestøl.

Tanken er at campusområda fungerer som levande uteklasserom, og at eit rikt artsmangfald styrker helse, trivsel og UiAs satsing på berekraftig utvikling.

Bilde av en dvergflaggermus ved en av kassene
Dvergflaggermus funne i ei av kassene ved Campus Grimstad (Foto: Roar Solheim)

Flaggermusa er utsatt - nå har dei flytta inn på campus

Eit av tiltaka har vore å sette opp flaggermuskasser rundt på Campus Grimstad og Kristiansand, slik at flaggermusa har ein trygg stad å bu.

Tidlegare i oktober inspiserte biolog Roar Solheim flaggermuskassene på Campus Grimstad. Her blei det funne både flaggermuslort og ei lita dvergflaggermus som kvilte seg i ei av kassene.

Bilde av flaggermuslort funnet i bunnen av en av kassene
Flaggermuslort blei funne inn mot veggane i kassebunnen. (Foto: Roar Solheim)

Solheim påpeikar at det er viktig å passe på dei små dyra:

- Med den generelle nedgangen i mengda av insekt som finn stad over heile Europa, også i Noreg, er flaggermusene utsette for å miste næringstilgang. Derfor er det også viktig å overvake førekomst og bestandar av flaggermus, seier han.

Kassene blei hengde opp for å gi flygarane fleire trygge stader å bu. Inspeksjonane viser at dei har tatt kassene godt i bruk.

På Campus Kristiansand har ein sett litt mindre aktivitet enn i Grimstad, men det har vore tydelege teikn til at dei har nytta seg av desse kassene òg. 

Kart over campus som viser hvor flaggermuskassene er
Kartet viser plasseringa av 10 flaggermus-kassar på Campus Kristiansand. Fem kasser blei hengt opp på Campus Grimstad.

Fleire av kassene skal festast høgare i løpet av våren 2026, for å sjå om dette kan bidra til auka aktivitet.

Les meir om UiAs arbeid med biologisk mangfald