Bidra til eit grønare UiA

Det er fleire måtar du som student og tilsett kan bidra til ein grønare kvardag på UiA.

Bildet viser grønne omgivelser og stasjon for kildesortering på campus

Kjeldesortering

Ved å kjeldesortere avfallet ditt bidrar du til at vi avgrensar uttaket av naturressursar og du sørger for at eksisterande råvarer får lengre levetid. Tenk på alle dei nye produkta som ligg skjulte i avfallet vårt. Du finn miljøstasjonane våre sentralt plassert fleire stader på begge campusar. Om du er usikker på rett sortering, sjå etter avfallssymbolet på emballasjen eller sjekk sortere.no for rettleiing. Meir informasjon om avfallshandtering på UiA finn du på informasjonssida om avfallshandtering og kjeldesortering.

Transport og reise

Ved å gå, sykle, eller reise kollektivt bidrar du til reduserte utslepp. Det er tilrettelagt for bruk av sykkel på begge campusar med eiga sykkelparkering og garderobefasilitetar. Om du må velje bil, hugs at det er betre å køyre saman enn aleine. Skal du på tenestereise følg UiAs reisepolicy og bruk reis bevisst plakaten i planlegginga.

Mat og drikke

Ved å ha med eigen termokopp eller nytte porselen til kaffi er du med på å redusere mengda eingongskoppar som blir brukte. Når du kjøper mat i kantina, be berre om takeaway boks og bestikk om du har behov for det. Både studentkantina og personalkantina tilbyr vegetaralternativ, og ved å velje desse bidrar du til reduserte utslepp. Vel gjerne vegetariske alternativ som møtemat. I tillegg til at kva du vel å ete har noko å seie er det også viktig at vi jobbar for å redusere matsvinn. Ikkje bestill meir mat enn nødvendig og innarbeid gode rutinar for handtering av eventuelle restar.

Energibruk

På UiA jobbar vi kontinuerleg med energieffektivisering blant anna gjennom automatisering av belsyning og ventilasjon. Det er derfor litt avgrensa kva du sjølv kan bidra med, men litt kan du gjere. Hugs å lukke vindauge og skru av lys (der dette ikkje er styrt av automatikk) når du forlèt rommet. Avgrens gjerne innetemperaturen på vinteren til 22 grader, høgare temperatur vil krevje høgare forbruk av energi.

Brukte bøker

Har du nokon bøker du ikkje treng lengre? Lever dei til gjenbrukshyllene våre som du finn utanfor biblioteket på begge campusar. Forhåpentleg vil nokre andre dra nytte av dei gamle bøkene dine, og kanskje finn du ei bok der til deg sjølv òg.

Papirbruk

Prøv å arbeide mest mogleg papirfritt og skriv berre ut ved behov. Skriv gjerne ut på begge sider for å spare papir.

Publisert 5. apr. 2024 - Sist endret 12. des. 2025