UiA sponsar delar av tilsette og studentars dekkskifte på sykkel, inntil 200 kr (inkl. mva.) av totalbeløpet per skifte.
Merk at ordninga gjeld for inntil 300 studentar / tilsette. Det er "første-til-mølla" som gjeld.
Her kan du få skifta dekk frå 19. oktober:
Pedalen Sykkelverksted
Østre Strandgate 12, 4610 Kristiansand, Åpningstider: Tysdag – fredag 09:00-15:30
G. Nordbys sykkel
Henrik Wergelands gate 9, 4612 Kristiansand, Åpningstider: Måndag - fredag 08:00-18:00, laurdag 09:00-16:00
KRS Sykkel
Nye Tegleverks vei 19, 4632 Kristiansand, Åpningstider: Måndag - fredag 09:00-17:00,
Sykkelbutikken i Vågsbygd
Lumberveien 47, 4621 Kristiansand, Åpningstider: Måndag og torsdag 09:00-17:00, tysdag, onsdag og fredag 09:00-15:30 og laurdag 10:00-16:00
Slik fungerer det
Det er berre mogleg å gjennomføre eitt dekkskifte per person per sesong, og tilbodet gjeld for sykkel til tilsett/student på UiA. Det vil derfor for eksempel ikkje vere mogleg å få sponsa skifte på ein barnesykkel.
Tilsette og studentar må vise tilsette- eller studentkort ved bestilling/oppmøte for dekkskifte. Studentar må også vise gyldig semesterkort.
Verksemda registrerer namn og om vedkomande er tilsett eller student. Slik får UiA oversikt over om tilbodet treffer begge målgruppene.
Du må kome innanfor den ordinære opningstida for verksemda og bestille dekkskifte i samsvar med gjeldande rutinar. Det er det ordinære servicenivået for verksemda som gjeld.
Prisane varier mellom dei ulike butikkane, men kvar enkelt måtte betale frå 200 kroner og oppover, avhengig av butikk og type sykkel.
Ny runde blir til våren 2027 igjen.
Har du spørsmål?
- E-post
- katharina.r.bjornestol@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 17 05