Slik kan du ta vare på flaggermusene

Flaggermus er under press. På UiAs campusar har dei fått tilbod om eigne bustader – og i år har fleire flytta inn. Men kvar drar dei om vintaren?

Zoolog Roar Solheim følger med på flaggermus-kassene som heng i trea rundt UiAs campusområde. 

Av Kristin Marie Skaar, Maria van Schoor (foto)
Publisert 21. okt. 2026 - Sist endra 21. okt. 2026

Då zoolog Roar Solheim opna den første av fleire flaggermuskasser på Campus Kristiansand i slutten av september, så han seks små dvergflaggermus sitte tett i tett under taket.

Der hang dei og kvilte, slik dei gjer på dagtid, antakeleg etter ei natt på jakt. Éi enkelt flaggermus kan fange fleire tusen insekt i løpet av natta.

Dvergflaggermus i taket av flaggermus-kasse
(Foto: Roar Solheim, september 2026)

– Eg blei veldig glad for å sjå at dei hadde funne plassen og tatt han i bruk, seier Solheim.

På oppdrag frå UiA har han følgt opp dei 15 flaggermuskassene på universitetsområda i Kristiansand og Grimstad sidan dei blei sette opp i 2024. Og det skulle raskt vise seg at fleire av kassene hadde fått nye bebuarar sidan førre sjekk.

flaggermuskasse oppi et tre
Har du hage eller eigne skogholt med høge tre, kan du henge opp flaggermuskasser sjølv. Ei flaggermuskasse bør henge høgt, mot vestleg retning og utan noko som skuggar for. Sjå fleire tips lengre nede i denne saka.

Ein trua art

Noreg har elleve ulike flaggermusartar. Fleire av dei er sårbare, og flaggermus er freda etter norsk lov.

Som andre stader i Europa går talet på insekt ned også her i landet. Det gjer det vanskelegare for flaggermus å finne mat.

– Flaggermusene treng også trygge stader å kvile i løpet av dagen, og gode stader å overvintre. I naturen er det gjerne hole tre som sikrar dette. Slike tre blir det færre av, fortel Solheim.

Flaggermus er dei einaste pattedyra i verda som kan fly aktivt med eigne venger. Dei unngår helst å fly om dagen. Då er dei mest sårbare for rovfuglar og ugler.

I 2024 hjelpte Solheim til med å sette opp flaggermuskasser i skogområda på begge campus, som del av universitetet sitt arbeid for auka biologisk mangfald.

Del av flaggermus-kasse
Kassene er like høge som vanlege fuglekasser. Men dei er hole og har gjerne eit smalt hol i front der flaggermusa lett kan smette inn – ei opning som er for liten til at fuglar kjem inn. Utforminga skal gi dei trygge stader å sove og yngle.

– Pattedyr som flaggermus og piggsvin har vi gode sjansar til å gjere noko for rundt våre campusområde. Vi veit dei slit. Med flaggermuskasser, blomsterenger, naturleg vegetasjon og på sikt fleire små vassdammar, kan vi sørge for at flaggermusene har gode høve til å jakte etter mat og finne trygge gøymestader, seier Solheim.

Frå éi til fjorten dvergflaggermus

Kassene som er valde, fungerer godt som kvileplass for små flaggermusartar. Dvergflaggermus er tidlegare observert rundt områda til universitetet, og det er denne arten som nå har flytta inn i kassene på begge campus.

I fjor fann Solheim éi flaggermus i kassene. Denne hausten fann han fjorten.

dvergflaggermus i hånd
Ei dvergflaggermus som et på ein mjølbillelarve. Det viser kor liten denne flaggermusarten er. (Foto: Roar Solheim).

– Dette kan ha samanheng med at eg sjekka tidlegare i år enn i fjor. Men eg fann også fleire spor etter flaggermus i kassene denne gongen, seier Solheim.

Solheim er likevel overraska over at ikkje fleire av kassene er i bruk, særleg i Grimstad.

– Å forstå kva som ligg til grunn, er ikkje lett. Det er eit av mange mysterium rundt livet til flaggermusene, seier han.

Fakta: Flaggermus i Noreg

  • Noreg har elleve flaggermusartar. Alle er freda, og fleire er sårbare.
  • Flaggermus er dei einaste pattedyra som kan fly.
  • Dei bruker ekkolokalisering – dei sender ut høgfrekvent lyd og lyttar etter ekkoet – for å finne fram og fange insekt i mørket.
  • Ved hjelp av små elektroniske apparat, såkalla flaggermusdetektorar, er det mogleg å høyre sonarskrika til flaggermusene.
  • Alle norske flaggermus går i dvale om vinteren og kan då overleve lenge utan mat.
  • Flaggermus treng trygge dagleigeplassar og dvaleområde. Nedgangen i insekt, også i Noreg, gjer det vanskelegare for dei å finne mat.

Kjelde: Store Norske Leksikon, zoolog Roar Solheim

Kvar drar dei etterpå?

Dvergflaggermusene bruker kassene gjennom sommarhalvåret, og mest på ettersommaren. Då er hoene ferdige med yngling, og ungane er ute og flyr.

– Dvergflaggermus får éin unge i året, og dei blir fødde i juni og juli. Etter tre til fire veker er dei flygedyktige. Når hausten kjem, er hoene igjen klare for paring, seier Solheim.

Dvergflaggermusene driv då ei form for fluktspel. I éi kasse kan det sitte ein hann og fleire hoer. I ein annan sit det kanskje ein einsleg hann eller ein gjeng med berre hoer.

Zoologen i skogen
Solheim og andre fagfolk undrar seg framleis over kvar dvergflaggermus drar om vintaren. Dei er ikkje funne i gruver eller hóler, slik som nokre av dei andre flaggermusartane.

Når nettene blir kaldare, leitar flaggermusene etter stader å overvintre. Frå slutten av oktober og begynninga av november vil kassene stå tomme. Då flyr dei til stader der temperaturen held seg stabil og over frysepunktet.

– Vi har lite kunnskap om nøyaktig kor dvergflaggermus drar om vinteren. Det er ein av grunnane til at denne arten er litt mystisk. Andre artar overvintrar gjerne i hòler eller nedlagde gruver – i Modum gruver ved Blaafarveverket har det til dømes blitt funne nærmare 160 flaggermus, men ingen dvergflaggermus, seier Solheim.

Akkurat når flaggermusene forsvinn, er avhengig av temperaturen. Men sjansen for å møte flaggermus ute i skumringa rundt Halloween, er nok liten.

– Sannsynlegvis har mange allereie funne dvalestadene sine. Om det framleis er mildt, kan nokon vere aktive ut i november, seier han.

Fakta: Flaggermus og biologisk mangfald på UiA

  • BIOMANG er eit UiA-prosjekt for å bevare og styrke biologisk mangfald på campus
  • Målet er å bidra til FNs berekraftsmål, og bruke campus som levande uteklasserom i undervising og forsking.
  • Tiltak for flaggermus er éin del av arbeidet. Andre tiltak er mellom anna å ta vare på hòle tre og anleggje dammar som gir meir mat til insektetarar.
  • Så langt er det sett opp femten flaggermuskasser på campusane i Kristiansand og Grimstad.

    Meir om BIOMANG

Utsett for hærverk

Først når temperaturen stig utpå våren, vaknar flaggermusene av dvalen og blir aktive igjen.

Solheim ventar derfor med eventuelle justeringar på kassene til utpå hausten, når han veit at dei har reist.

– Tre av kassene i Kristiansand har i år blitt skadde eller er borte. Ei av kassene manglar delar, mens to andre kasser er heilt borte – truleg fjerna av menneske. Det er veldig synd. Løysinga er å henge kassene høgare opp i trea, utanfor rekkevidde, seier Solheim.

Dette kan du gjere sjølv

Det er ikkje berre profesjonelle aktørar som kan gjere ein innsats for bustadnøda til flaggermusene. Har du hage eller eigne skogholt med høge tre, kan du henge opp flaggermuskasser sjølv.

– Det viktige er å henge dei i vestleg retning og utan noko som skuggar for, slik at kassene blir varma opp om kvelden. Flaggermus ser ut til å like dette, seier Solheim.

Sjølv har zoologen hengt opp eigne flaggermuskasser ved eit hus i Danmark. Tidlegare i år fann han omlag 30 dvergflaggermus tett i tett i éi av kassene då han skulle ta ein titt.

Hos Naturvernforbundet finn du gode tips til korleis du lagar eigne kasser.

Kontakt:

Bilde av Roar Solheim
E-post
roar.solheim@uia.no
Telefon
+47 91 77 07 60