Gå til hovedinnhold
Hopp til hovedinnhold

UiA fekk leiarrolla i satsing på regional samskaping og kunst

Universitetet i Agder er tildelt leiinga i ein ny satsing på kunst, estetikk og samskaping gjennom universitetssamarbeidet Forthem. 

Kart over FORTHM alliansen

ALLIANSELEIAR: Universitetet i Agder leier samskapingsarbeidet mellom ni universitetet i Europa på området kunst og estetikk. (Ill: Forthem)

Av: Kamachi Ruthramurthi

UiA sin rektor Sunniva Whittaker (biletet) er svært fornøgd med avgjerda om å tildele leiaransvaret for nysatsinga til Universitetet i Agder.

Sunniva Whittaker (foto)

- Å leie dette er stort for UiA. Det er ei tydeleg tillitserklæring til kunstfagmiljøet vårt, og til kompetansen til universitetet når det gjeld samskaping, seier ho.

Samskaping, inkludert det å bringe partnarar frå utsida av akademia og universiteta til bordet, er i det heile eit av kjenneteikna til Forthem samanlikna med andre universitetsalliansar. UiA har lang tradisjon for å samhandle med dei regionale partnarane sine. Slik vil det også vere med omsyn til aktivitetar i både alliansen og i denne nye og spennande satsinga.

Leiar samskapinga i alliansen

Forthem sitt nye laboratorium, som har fått namnet Kunst og estetikk i samtidssamfunnet, inngår som éin av i alt ni samhandlingslaboratorium i alliansen - eit nettverk av ni tverrfaglege offentlege forskingsuniversitet med sterk regional forankring i Finland, Frankrike, Tyskland, Italia, Latvia, Noreg, Polen, Romania og Spania.

I tillegg til å leie laboratoriet knytt til kunst og kultur, har UiA og eit koordineringsanvar for samhandling generelt og laboratoria spesielt i alliansen. Dette har UiA fått med bakgrunn i universitetet sin erfaring med nettopp samhandling. UiA har dermed fått ei stor rolle i universitetsalliansen.  I kroner og øre er verdien av UiA sin deltakelse  i Forthem verd nær 22 millionar kroner.

Fakultet for kunstfag

 På UiA er det Fakultet for kunstfag og Fakultet for humaniora og pedagogikk som skal leie arbeidet med kunst-labben, der meininga er å gi akademikarar, kunstnarar, musikarar, innbyggjarar, studentar og regionale partnarar høve til å samarbeide og utvide eksisterande forsking på like vilkår. Målet er å skape nye arenaer for meiningsfull utveksling gjennom kunst og estetiske tilnærmingar i samfunnet, og slik også endre forholdet dei deltakande universiteta har til regionen – og omvendt.

Sjølve arbeidet skjer gjennom ulike prosjekt, verkstader, tankesmier, kunstproduksjonar og symposium, det samskaping står sentralt. For det nyetablerte idé-laboratoriet skal desse nå planleggast, etablerast og bli gjennomført dei neste fire åra. Den første idé-samlinga haldast hausten 2023.

Dei regionale samarbeidspartnarane til UiA i Forthem-satsinga er til no Agder fylkeskommune, Kristiansand kommune, NHO Agder, Arkivet freds- og menneskerettssenter og GCE Node. Satsinga er open for fleire samarbeidspartnarar frå Agder.

Det unikt menneskelege

UiA sin vitskapleg koordinator for satsinga, universitetslektor Marius Lønskog Igland (biletet), er som UiA sin rektor også fornøgd med tildelinga.

Marius Lønskog Igland (foto)

- Mitt håp er at samhandlingslabben som vi no skal leie, vil vise korleis deltaking og erfaring med kunst og estetiske uttrykk er eit grunnleggjande menneskeleg behov - ikkje ein luksus, og korleis dette behovet møter verkelege livsutfordringar og hard politikk, seier han.

For Igland betyr det å gi stemmer til enkeltpersonar og grupper gjennom kunstformer, og etablere arenaer for utveksling mellom menneske.

- I ei verd med auka polarisering, fiendskap i offentleg debatt, økologisk samanbrot, færre sosiale arenaer og aukande einsemd, minner kunst og estetikk oss om kva som er unikt menneskeleg og opnar dører til framsyningsverder som enno ikkje eksisterer, seier han.

 

KORT OM FORTHEM:

  • FORTHEM står for Fostering Outreach within European Regions, Transnational Higher Education and Mobility
  • FORTHEM er ein av 44 europeiske universitetsalliansar finansierte av Europakommisjonen sitt Erasmus+ program. Alliansane legg vekt på strategisk samarbeid for å auke kvaliteten på europeisk utdanning, forsking og innovasjon og skal også levere på høgare utdannings «4th mission: Service to Society».
  • Gjennom alliansen får studentar, universitetstilsette, bedrifter, skular og andre organisasjonar ei rekkje moglegheiter til internasjonalt samarbeid.
  • Alliansen består av ni universitet frå ni land som samarbeider på tvers av landegrensene på utdanning, forsking, innovasjon og samfunnsengasjement.
  • Alliansen har fått 14,4 millionar euro frå Erasmus+ for dei neste fire åra, der den nye satsinga under leiing av UiA utgjer 2,2 millionar euro.

Meir? Sjå her!