Gå til hovedinnhold
Hopp til hovedinnhold

To nye fakultetsdirektørar

Målfrid Tangedal (47) og Kristian Jørgensen (44) er tilsett som fakultetsdirektørar ved høvesvis Fakultet for samfunnsvitskap og Handelshøyskolen ved UiA.

Profilbilder av Tangedal og Jørgensen

Begge har vore fungerande fakultetsdirektørar ved dei same fakulteta i ein periode, før dei no er tilsette i faste stillingar. Dei to stillingane var kunngjorde i haust og UiA fekk totalt inn 18 søknader.

Før ho vart fungerande fakultetsdirektør ved Fakultet for samfunnsvitskap i mai 2023 var Tangedal seniorrådgivar ved same fakultet. Ho har ein Cand.polit frå UiB, og har tidlegare jobba med forskingsadministrasjon sentralt på universitetet. Ho har også sete i universitetsstyret som medlem valt av dei teknisk/administrative tilsette.

Jørgensen var på si side leiar for økonomiseksjonen i UiAs økonomi- og campusavdeling, ei stilling som no er lyst ut med søknadsfrist 11. desember. Han er utdanna siviløkonom frå UiA, og har tidlegare hatt ulike roller innan UiAs økonomiforvaltning.