English version of this page

Klima og miljø

På UiA jobbar vi kontinuerleg for å ta vår del av ansvaret for vår tids største utfordring: Klima og miljø. Vi har utarbeidd ein handlingsplan med seks fokusområde for å bidra til ei grønare drift av universitetet og redusert klimafotavtrykk.

Dei seks fokusområda våre:

1. Klimagassreduksjon

Mål 2030: UiA skal ha ei klimanøytral drift innan 2030.

Mål 2024:
 

1. UiA skal ha ein klimarekneskap med konkrete utsleppsmål fordelt på definerte kategoriar.

  • Tiltak: Opplæring i klimarekneskapen.
  • Tiltak: Gjennomføre analysar av klimarekneskapen.
  • Tiltak: Innføre digitale verktøy for miljø- og klimaoppfølging.
  • Tiltak: Innarbeide klimarapportering som ein integrert del av årsrapporteringa.

2. UiA skal bruke klimarekneskapen som grunnlag for overordna avgjerder, både policyavgjerder og avgjerder om prosjektgjennomføring.

  • Tiltak: Identifisere utsleppskjelder og arbeid med løysingar for å redusere desse.
  • Tiltak: Utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om reiseaktiviteten, og etablere ein reisepolicy for meir miljø- og klimavenlege løysingar.

3. UiA skal jobbe med byggeigarane for reduserte utslepp ved gjennomføring av byggeprosjekt

  • Tiltak: Auke kunnskapsgrunnlaget i forhold til moglegheiter og kostnader for val av grøne løysingar i byggeprosjekt.
  • Tiltak: Arbeid for utsleppsfri byggeplass.

2. Redusert og fornybar energibruk

Mål 2030: UiA skal redusere energibruken på campus med 40 prosent innan 2030.

Mål 2024: UiA skal redusere energiforbruket på campus med 15 prosent.

  • Tiltak: Auke kunnskapsgrunnlaget om energibruken og greie ut moglege reduksjonar.
  • Tiltak: Identifisering og gjennomføring av enkle tiltak for reduksjon av energiforbruk i eksisterande bygningsmasse i samarbeid med byggeigar.
  • Tiltak: Greie ut større lågenergiløysingar med implementeringsplan i samarbeid med byggeigar.
  • Tiltak: Utarbeide årleg energirapport med forslag til vidare løysingar baserte på tiltaka ovanfor.

3. Miljøvenleg transport

Mål 2030: All transport knytt til UiA skal vere utsleppsfri (ikkje-fossil).

Mål 2024:
 

1. UiA skal ha standard etterspørsel av utsleppsfri transport av person, varer og tenester i ordinære anskaffingar.

Tiltak: Berre bruk av utsleppsfrie køyretøy i eiga driftsverksemd

2. UiA skal jobbe for at fleire skal gå, sykle eller reise kollektivt til og frå jobb.

  • Tiltak: Utarbeide ein kommunikasjonsplan for auka bevisstheit og synleggjering av moglegheiter.
  • Tiltak: Samarbeide med relevante aktørar for tilstrekkeleg godt kollektivtilbod og gå- og sykkeltrasear..

3. UiA skal legge til rette for tilsette og studentars utsleppsfrie køyretøy.

Tiltak: Implementere infrastruktur for parkering og lading dimensjonert for vekst i utsleppsfrie køyretøy.

4. UiA skal redusere utslepp knytte til reiseverksemd, spesielt frå flyreiser.

  • Tiltak: Utarbeide ein institusjonell reisepolicy for å avgrense utslepp, sjå også område 2.
  • Tiltak: Greie ut moglegheiter for samarbeid og læringsplattformer med andre universitet.

4. Avfallsreduksjon og auka sortering

Mål 2030: UiA skal redusere avfallsmengda med 40 prosent per brukar, og dessutan auke kjeldesortering til 75 prosent i samarbeid med byggeigar.

Mål 2024: UiA skal redusere avfallsmengde med 20 prosent per brukar.

1. UiA skal redusere avfallsmengde

  • Tiltak: Gjennomføre analyse av avfall og -kjelder.
  • Tiltak: Gjennomføre reduksjon basert på analysen, og utarbeide forslag til vidare reduksjonar.
  • Tiltak: Identifisere felles tiltak med SiA for avfallshandtering i kantinedrifta.

2. UiA skal legge til rette for lang levetid, gjenbruk og gjenvinning.

  • Tiltak: Etablere gjenbruksprosjekt og synleggjere desse.
  • Tiltak: Utarbeide eit digitalt system for utveksling og gjenbruk av fungerande utstyr og materiell.

5. Grøne innkjøp

Mål 2030: Innkjøp skal vere eit sentralt verkemiddel for å realisere miljøgevinstar og bidrar til reduksjon i utslepp av klimagassar.

Mål 2024: UiA skal handheve standard miljøkrav for alle anskaffingar, og dokumentere miljøeffekt av desse.

  • Tiltak: Innføre krav om at minimum 80 % av innkjøpsvoluma til universitetet skal gjennomførast hos leverandørar som er miljøsertifiserte, eller på annan måte kan gjere greie for fotavtrykket.
  • Tiltak: Greie ut om klima- og miljø kan vere eit førande kriterium for innkjøp.

6. Bygg

Mål 2030: Areala og byggmassen knytt til Campus Kristiansand og Campus Grimstad blir forvalta til det beste for miljøet, for studentar og for tilsette.

Mål 2024: UiA skal betre arealutnyttinga.

  • Tiltak: Bruke Campusutviklingsplanen for å etablere ei oversikt og analyse av eksisterande arealutnytting, og foreslå tiltak for betre utnytting.
  • Tiltak: Etterspørje miljøprofil ved leie av areal, og legge miljøstandarden i bygningane som eit kriterium ved val av leigeobjekt.
Solceller på tak, sett ovenfra.

Visste du at...

  • Vi har over 4000 m² med solceller på campus.
  • Vi kjeldesorterer cirka 60 prosent av avfallet vårt.
  • Vi har redusert energiforbruket vårt med 17 prosent per m² i Kristiansand.

Sjå eksempel på korleis vi jobbar:

 
 

Kontakt oss:

Har du spørsmål eller innspel til klima- og miljøarbeidet vårt?

Bilde av Katharina Reionn Bjørnestøl
Miljørådgivar
E-post
katharina.r.bjornestol@uia.no
Telefon
+47 38 14 17 05

Last ned handlingsplanen som PDF

Handlingsplan for miljø og klima 2020-2030 (PDF)