MERK: Søknadsfrist for realkompetansesøknad er 1. mars. Det er eigne fristar for vidareutdanningar. Sjå det enkelte studietilbod for meir informasjon.
Krav til realkompetanse
Du kan ikkje få opptak på grunnlag av realkompetanse viss du dekker kravet til utdanning på anna måte. Å bli kvalifisert for opptak utan formell kompetanse, stiller krav til svært god og relevant realkompetanse.
For å bli vurdert for opptak på grunnlag av realkompetanse, må du fylle 25 år eller meir det året du søkjer opptak for.
Norsk- og engelskkunnskapar
Du må dokumentere norsk- og engelskkunnskapar tilsvarande andre klasse frå norsk vidaregåande skule, yrkesfagleg studieprogram. Søkjarar frå land utenfor dei nordiske landa må dokumentere norsk og engelsk tilsvarende kravet til generell studiekompetanse.
Spesielle opptakskrav og studiespesifikke krav
Nokre studieprogram og emner har spesielle og studiespesifikke opptakskrav som også realkompetansesøkjarar må dekke. Det betyr at du ikkje kan dekke spesielle opptakskrav gjennom realkompetanse.
Her finner du oversikt over spesielle og studiespesifikke opptakskrav for grunnstudier og PPU.
Tilleggskrav når opptakskravet er generell studiekompetanse
Krav om praksis
Søkjarar skal dokumentere praksis tilsvarande 5 års fulltids yrkespraksis. Minimum 3 av dei 5 åra må vere relevante i høve til det studiet det vert søkt opptak til. Inntil 2 av dei 5 åra kan dokumenterast med uløna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring eller liknande.
Tilleggskrav når opptakskravet er bachelorgrad eller tilsvarande
For å bli vurdert for opptak til masterprogram på grunnlag av realkompetanse, må søkarar ha minst 90 studiepoeng relevant utdanning.
Krav om praksis
For å erstatte eitt års studium, krevst relevant arbeidserfaring tilsvarande 100 prosent stilling i minst tre år.
Din realkompetanse må kunne erstatte manglande formell kompetanse. I vår vurdering av din realkompetanse legg vi vekt på:
- om den delen av opptakskravet som ikkje er dekka gjennom tidlegare utdanning i hovudsak er teoretiske kunnskapar eller om det også inngår praktiske ferdigheiter
- om arbeidsoppgåvene i din dokumenterte yrkespraksis normalt utførast av personar med høgare utdanning
- graden av sjølvstende i arbeidet
Eigavurdering
I tillegg til å dokumentere krava over, må du fylle ut og signere skjema for eigavurdering av realkompetanse (PDF).
Det er opp til Universitetet i Agder å vurdere om kompetansen din er god nok.
Slik søkjer du på grunnlag av realkompetanse
Kryss av for realkompetanse som utdanningsbakgrunn i nettsøknaden din.
Søknadsfrist for realkompetansesøknad er 1. mars. Det er eigne fristar for vidareutdanningar. Sjå det enkelte studietilbod for meir informasjon.
Hugs å dokumentere dei ulike krava i søknaden din. Om du tidlegare har fått opptak på grunnlag av realkompetanse, må du likevel laste opp all nødvendig dokumentasjon om du søkjer på nytt. Du kan lese meir om korleis du dokumenterer ulike krav her.
Rangering
Søkjarar med godkjend realkompetanse blir vurdert likt med søkjarar som dekkjer dei formelle opptakskrava, men vil ikkje få ein poengsum. Sjølv om du får godkjend realkompetanse, betyr det ikkje at det svarer til nivået til søkjarar med formell kompetanse.
Om du ikkje når opp i konkurransen, vil du bli sett på venteliste.
Utfyllande reglar for realkompetanse
Her finn du utfyllande reglar for realkompetansevurdering (PDF).