Poengberekning

Du blir poengberekna og konkurrerer om studieplassen med poengsummen din. 

Nokre studium har ei poenggrense. Det betyr at det var fleire søkjarar enn studieplassar ved førre opptak. Poenggrensa finn du på studiesida for ditt studieprogram.

Slik reknar vi ut poengsummen din

Årsstudium, bachelor, 5-årig master og TRES

Sjå informasjon om poengberekning på sidene til Samordna opptak

2-årig master og påbyggingsstudium

Mange av masteprogramma våre krev eit vekta gjennomsnitt av heile vitnemålet, eller av fordjupinga. Meir informasjon om kva som gjeld studiet ditt finn du under opptakskravet til studieprogrammet.

Kvar bokstavkarakter har eigen verdi. A = 5, B = 4, C = 3, D = 2, E = 1. 

Karakteren "Bestått" tel ikkje med ved berekning av vekta gjennomsnittskarakter. Vitnemål med berre karakteren "Bestått" blir vurdert individuelt.

Vekta gjennomsnitt: Du multipliserer kvar talverdi med mengda studiepoeng. Summen av desse blir delte på den totale mengda studiepoeng.

For vitnemål med bokstavkarakterar vil kravet til C vere tilfredsstilt når poengsummen er 2,50 eller høgare (gjeldande frå opptak hausten 2018).

For vitnemål med talkarakterar vil kravet til C vere tilfredsstilt når poengsummen er 2,95 eller betre (gjeldande frå opptak hausten 2018). 1,0 er den høgaste karakteren og 4,0 den lågaste.

Karakterar frå utvekslingsopphald tel ikkje med ved berekning av vekta gjennomsnittskarakter. Du får 0,1 tilleggspoeng pr. 25 studiepoeng.

Det blir gitt 0,1 tilleggspoeng pr. år for relevant praksis etter avslutta utdanning som utgjer opptaksgrunnlaget til søkaren, maksimalt 0,2 poeng. Det blir ikkje gitt tilleggspoeng for eventuell praksis som inngår i opptaksgrunnlaget.

Y-vei

For poengberekning bruker vi alle karakterar frå Vg1 og Vg2 (grunnkurs og VK1) som er på vitnemål/kompetansebevis. Du kan òg få 2 alderspoeng frå det året du fyller 20, totalt 8 poeng. Du kan få 2 poeng forførstegongsteneste, folkehøgskole eller høgare utdanning. Kvinnelege søkarar får 2 tilleggspoeng.

Forkurs

Søkarar til forkurs blir rangerte i følgande grupper:

a) Søkarar med fullført Vg1 og Vg2 frå andre studieretningar i vidaregåande skole enn studieførebuande retningar, søkarar med godkjent fagbrev eller sveineprøve og søkarar med generell studiekompetanse.

b) Søkarar med fullført grunnskole og minst 5 års praksis, eventuelt ein kombinasjon av arbeidserfaring og utdanning frå vidaregåande skole på til saman 5 år.

Kvar gruppe får ein del av elevplassane som svarer til andelen av søkarar. Innanfor kvar gruppe blir søkerene rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakter frå høvesvis vidaregåande skole og grunnskole, multiplisert med 10.

Det blir gitt tilleggspoeng for inntil 3 års yrkespraksis med 0,3 poeng pr. månad for 100% stilling. Som yrkespraksis blir også militærteneste regnet, sivilteneste, omsorgsarbeid i heimen og skolegang ut over minstekravet. Avlagt fagbrev eller sveineprøve gir 3 tilleggspoeng. Ved poenglikskap blir det underrepresenterte kjønn prioritert.

Særskild vurdering

Særskild vurdering er ei ordning for deg som kan dokumentere at du av spesielle grunner hadde eit kunnskapsnivå som var høgare enn karakterane dine frå vidaregåande skule viser. Terskelen for å få innvilga særskild vurdering er svært høg. Informasjon om særskild vurdering.

Publisert 11. mars 2024 - Sist endret 15. des. 2025