For å få særskild vurdering må du kunne dokumentere at dei faktiske kunnskapane du hadde då du gjekk på vidaregåande skule var betre enn karakterane dine viser.
Det er ikkje ei vurdering av om du fekk brukt potensialet ditt då du gjekk på vidaregåande skule. Terskelen for å få innvilga særskild vurdering er svært høg.
Du kan berre søkje om særskild vurdering til grunnstudium.
Meir informasjon om dette finn du på Samordna opptak sine sider.
Søknadsfristen er 1. mars
Dokumentasjonsfristen er 20. mars.
Dokumentasjon som inneheld sensitive personopplysninger skal ikkje sendast på e-post eller lastast opp i søknaden, men sendast trygt via dette skjemaet:
Trykk på "logg inn" i skjemaet og logg på med ID-porten eller feide.
Eventuelt kan sensitiv dokumentasjon sendes per post til denne adressen:
Universitetet i Agder
Opptak
Postboks 422
4604 Kristiansand
Merk dokumentene (ikke konvolutten) med søkjarnummeret ditt.
Kven kan søke om særskild vurdering?
Du kan berre søke om særskild vurdering til grunnstudium.
For å søke om særskild vurdering må du ha generell studiekompetanse og dekke eventuelle spesielle opptakskrav. Dersom du ikkje har generell studiekompetanse, kan du ikkje søke om opptak på grunnlag av særskild vurdering.
For å få tilbod må du ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som søkjarar som får tilbod om opptak. Er poengsummen din fleire poeng under poenggrensa, er det ikkje sannsynleg at du vil få tilbod om studieplass på grunnlag av særskild vurdering.
Du kan søke om særskild vurdering dersom det har vore spesielle forhold som gir grunn til å tru at karakterpoengsummen din ikkje gir eit riktig bilete av dei kvalifikasjonane du eigentleg hadde på tidspunktet du fekk resultata. Dette må vere forhold som har påverka karakterane dine.
Slike forhold kan vere anna morsmål enn norsk (ved fullført vidaregåande skule med kortare botid enn 6 år), funksjonshemming, sjukdom, ulukker, eller andre forhold. Det må kunne dokumenterast at forholdet er direkte årsak til karakterane du har fått. Du må også skrive ei egenerklæring.
Søke særskild vurdering etter 1. mars?
Dersom forholdet oppstår etter 1. mars kan du likevel søke ved å krysse av for særskild vurdering, men du må då skrive ei grunngjeving for at du søker for seint i nettsøknaden.
Fristen for å søke om særskild vurdering er 1. mars.
Om søknaden gjeld Samordna opptak og forholda du søker særskild vurdering for oppstår etter søknadsfristen 15. april, må du ta kontakt med Samordna opptak. Om søknaden gjeld lokalt opptak, ta kontakt med opptak@uia.no.
Dersom du ikkje får tilbod om studieplass etter særskild vurdering, vil du konkurrere vidare i opptaket med den vanlege poengsummen din.
Viktige datoer for deg som skal søke særskild vurdering
- 1. mars: søknadsfrist
- 20. mars: dokumentasjonsfrist