God kommunikasjon er eit felles ansvar for alle UiAs tilsette. Likevel har leiarar på alle nivå eit særskilt ansvar for den daglege kommunikasjonen internt og eksternt. Kommunikasjonstiltak skal vurderast på lik linje med andre typar verkemiddel for å nå vedtatte mål og resultatkrav.
I samsvar med linjeprinsippet i Statens kommunikasjonspolitikk følger kommunikasjonsansvaret saksansvaret. Kvar leiar har dermed ansvaret for kommunikasjonen knytt til ansvarsområdet sitt og å sette av ressursar til dette arbeidet.
Kommunikasjonsdirektøren har det heilskaplege fagansvaret for kommunikasjonsarbeidet og studentrekrutteringsarbeidet ved UiA, og dessutan ansvar for utvikling og implementering av UiAs handlingsplan for kommunikasjon. Kommunikasjonsavdelinga har eit særleg ansvar for å legge til rette for god kommunikasjon både eksternt og internt. Studietilbod-sidane er svært viktige i UiAs rekruttering av studentar. Fakulteta og lærarutdanningane eig sine eigne studietilbod-sidar, mens kommunikasjonsavdelinga står for malverk og innspel til korleis innhaldet kan treffe målgruppene betre. Sidene skal vere tilpassa potensielle studentar.
Tilsette blir oppfordra til å bruke eigne kanalar og nettverk til å kommunisere om eigne aktivitetar ved universitetet, og vitskapleg tilsette har i stillingane sine ansvar for å allment formidle kunnskap frå sitt fagfelt.
Eksempel:
| Kommunikasjonsavdelinga | Fakultet/avdelingar |
|---|---|
| Utarbeiding og revidering av sentrale dokument for kommunikasjonsarbeidet. | Bidra inn i arbeidet. |
| Ekstern kommunikasjon innan prioriterte område for universitetet, primært med mål om nasjonal synlegheit. | Ansvar for å kommunisere eksternt om verksemda på fakultet/i avdeling. |
| Tilby opplæring og rådgivning innan kommunikasjon og marknadsføring. | Melde behov for opplæring og rådgiving. |
| Legge til rette for god internkommunikasjon på institusjonsnivå med retningslinjer og kanalar. | Sørge for god internkommunikasjon internt i fakultet/institutt/avdelingar. |
| Utarbeiding av og opplæring i felles retningslinjer som sikrar at UiAs kommunikasjon er einskapleg og held høg kvalitet. | Sørge for at kommunikasjonen til fakultetet/avdelinga er i samsvar med felles retningslinjer. |
| Arrangere/koordinere felles kommunikasjonsaktivitetar. | Bidra med ressurser og innhald til felles kommunikasjonsaktivitetar. |
| Drive og utvikle overordna marknadsføring av UiA som studiestad. Hjelp fakultet/avdelingar med rådgiving og støtte til studiespesifikke marknadsføringsaktivitetar. | Bidra til utvikling av innhald knytte til studieprogramsidene på uia.no. Kartlegge og melde inn behov for støtte til marknadsføring av spesifikke studieprogram. Dekke kostnader til spesifikk marknadsføring. |
| Sørge for at vesentleg informasjon på institusjonsnivå er tilgjengeleg på engelsk til internasjonale målgrupper. | Sørge for at vesentleg informasjon knytt til ansvarsområdet til fakultetet/avdelinga er oppdatert og tilgjengeleg på engelsk til internasjonale målgrupper. |
| Ansvar for etterleving av mållova i ekstern kommunikasjon på institusjonsnivå. Følge opp og rapportere på bruken til universitetet av bokmål og nynorsk. Legge til rette for opplæring innan bruk av dei ulike målformene. | Ansvar for etterleving av mållova innan ansvarsområdet sitt. Bidra med informasjon til rapportering. Kartlegge og melde behov for opplæring. |