Handlingsplan for kommunikasjon 2025-2028
Dette er Universitetet i Agders handlingsplan for kommunikasjon i perioden 2025-2028. Tiltaka skal bidra til å nå måla i den overordna strategien til universitetet. Handlingsplanen blei vedtatt i universitetsstyret 28. januar 2025 og skal vere utgangspunktet for kommunikasjonsarbeidet i alle UiAs einingar.
Innleiing
Strategisk kommunikasjon og samfunnskontakt er sentrale verkemiddel for å nå måla i UiAs strategi. Tiltaka og retningslinjene i denne planen skal bidra til at vi når måla. Arbeidet i perioden skal særleg rettast inn mot å gi UiA ein tydelegare nasjonal posisjon. Dette er viktig, blant anna for å sikre god rekruttering av studentar og tilsette, og å styrke moglegheitene universitetet har til ekstern finansiering.
Meir om planen
Dette vil innebere tøffe prioriteringar ved å blant anna rette kommunikasjonsarbeidet inn på tematikk som har stort potensial for nasjonal merksemd. UiA skal bygge opp anerkjente formidlarar og relasjonar til relevante mediekontaktar, for å oftare løfte UiA fram med verdifulle bidrag i den nasjonale offentlegheita. Eit godt samspel mellom fakulteta/lærarutdanningane og kommunikasjonsavdelinga for å finne historiene med nasjonalt potensial, blir avgjerande.
UiA kallar seg samskapingsuniversitetet og bruker «Sammen om kunnskap» som slagord. Universitetet verkar likevel per 2024 som mange ulike lag med blant anna kvar logoane sine. UiA skal framover samle kraft bak synlegheita til institusjonen og stå fram som ein einskapleg og samla institusjon, utan vektlegging av dei organisatoriske undereiningane til universitetet (fakultet, institutt og avdelingar).
Kommunikasjons- og marknadsføringstiltak er investeringar universitetet gjer, og skal vere effektive, ha tydeleg ansvarsfordeling og tydelege mål. Samfunnskontakt er viktig for å utvikle relasjonar til personar, verksemder, organisasjonar og styresmakter som har noko å seie for universitetsverksemda og for å styrke den samla finansieringa vår. Gode relasjonar med samfunnslivet er avgjerande for å realisere strategien vår og nå dei strategiske måla våre.
Retningslinjer: Slik kommuniserer vi ved UiA
Føringar
Dei viktigaste føringane for kommunikasjonsarbeidet ved universitetet kjem frå UiAs strategi. I tillegg skal UiAs kommunikasjon ta omsyn til andre dokument, som:
- Universitet- og høgskolelova
- Årleg tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet
- Kommunikasjonspolitikken til staten
- Språkpolitiske retningslinjer for Universitetet i Agder
- Vedtatte handlingsplanar
Prinsipp
UiA følger prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk:
- Openheit – open, tydeleg og tilgjengeleg
- Medverknad – involvering av dei som er ramma
- Nå alle – informasjon til alle som er ramma
- Aktiv – gi informasjon om rettar, plikter og moglegheiter i tide
- Heilskap – einskapleg og samordna kommunikasjon
Enskapleg avsendar
UiA er per 2024 nasjonalt anonyme i befolkninga, og dette hemmar utviklinga til universitetet innan rekruttering av studentar, tilsette og i konkurranse om finansiering. Derfor må UiA samle kreftene for å styrke kjennskapen til universitetet. UiA kommuniserer derfor med eksterne målgrupper som eitt, utan bruk av organisatoriske einingsnamn eller logoar frå den interne organiseringa vår som sender. Forskingssenter og -prosjekt, naturmuseet og tenester på institusjonsnivå kan framleis nytte eigne UiA-logovariantar. I den interne kommunikasjonen vår samlar vi oss også bak institusjonen digitalt og fysisk kommunikasjonsmateriell. Kommunikasjonsdirektøren kan godkjenne unntak i særtilfelle.
UiAs merkevareplattform er utgangspunktet for all kommunikasjon. Den definerer UiAs posisjon, grunnforteljing, slagord og «personlighet» i kommunikasjonen til institusjonen med målgruppene sine.
UiAs designmanual er eit verktøy for å sikre at den visuelle kommunikasjonen frå universitetet blir opplevd profesjonell og einskapleg. Den definerer korleis UiA bruker logo, fargar, fontar, bilde og andre grafiske element i all kommunikasjon. Den definerer også korleis vi bruker visuelle verkemiddel for å framheve UiA som eit inkluderande og mangfaldig universitet, og korleis vi bruker bilde for å synleggjere breidda av UiAs aktivitetar.
Hovudkanal
UiA.no er hovudkanalen til universitetet for intern og ekstern kommunikasjon. Kommunikasjonsdirektøren er ansvarleg redaktør, og nettstaden blir forvalta etter ein eigen plan. Internkommunikasjonen i fakultet, institutt og mindre grupper og einingar i hovudsak skjer i Teams. Studentar og tilsette er venta å halde seg oppdaterte i dei aktuelle kanalane.
I tillegg bruker UiA andre kanalar der det er formålstenleg. Val av kanalar skal alltid kome an på korleis kommunikasjonen kan nå målgruppene best mogleg.
Måling av kommunikasjonstiltak
Kommunikasjonstiltak ved UiA skal så langt det er praktisk gjennomførbart målast og evaluerast, for å sikre at dei er effektive opp mot kvalitative og kvantitative mål. UiA måler kommunikasjonstiltak i samsvar med Barcelona-prinsippa.
Bruk av kunstig intelligens
UiAs kommunikasjonsarbeid skal gå foran i effektiv, bærekraftig og ansvarlig bruk av kunstig intelligens. Vi driver kontinuerlig kompetanseheving etter hvert som nye verktøy gjøres tilgjengelig, og har en levende diskusjon internt og med samarbeidspartnere om bærekraftig og ansvarlig bruk av kunstig intelligens i vårt arbeid.
Vi forventer at kunstig intelligens vil kunne bidra til å effektivisere flere av våre arbeidsoppgaver innen kommunikasjon i løpet av perioden, men at de faglige og menneskelige bidragene vil kunne bli desto mer verdifulle.
Vi bruker kunstig intelligens og annen teknologi på en måte som ivaretar universitetets troverdighet overfor våre målgrupper.
Målgrupper
Det er mange som berøres av UiAs virksomhet, og som derfor er viktige målgrupper i UiAs kommunikasjon. UiA skal forholde seg til målgruppene i henhold til statens kommunikasjonspolitikk, og prioritere å kjenne og forstå sine viktigste målgrupper. Noen sentrale er:
- Studenter – fremtidige, nåværende og alumni
- Ansatte – nåværende og fremtidige
- Samarbeidspartnere – nåværende og fremtidige
- Fagmiljøer og ansatte ved andre kunnskapsinstitusjoner
- Beslutningstakere innen arbeidsliv, samfunnsliv, kulturliv og politikk
- Nyhetsmedier og fagpressen
- Allmennheten
Språk
UiAs kommunikasjon skal skje i henhold til Språkloven og universitetets gjeldende språkpolitiske retningslinjer.
Noen særlig relevante punkter per 1.1.2025:
- Minst 25 prosent av hvert av de to norske skriftspråkene bokmål og nynorsk i kommunikasjon til studenter og eksterne
- Offentlige organer skal kommunisere på et klart og korrekt språk
- Norsk er administrasjonsspråk ved UiA
- Alle ansatte og studenter skal få informasjon på norsk eller engelsk når det er relevant
- Når engelsk brukes, er standarden britisk-engelsk
Krisekommunikasjon
Plan for krisekommunikasjon er del av universitetets overordnede beredskapsplan og er ikke del av denne handlingsplanen.