Stedsbasert læring om samer i sør er UiA sitt prosjekt inn i Dembra LU sin oppfølging av sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport, for å auke kompetansen omkring samiske tema i lærarutdanningane. Over to år skal prosjektet bygge kompetanse og utvikle undervising ut frå samisk aktivitet og liv knytt til reindrift i Setesdalsheiane førre hundreår.
I september var første samling, som starta med eit ope seminar på UiA i Kristiansand. Her innleia Mattis Danielsen, feltkonskulent i Innlandet fylkeskommune, og Johan Inge Greff frå Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) om: Å gjøre det usynlige synlig. Samisk kulturkunnskap, erfaringsbasert naturkompetanse og livsmestring.

Dagen etter reiste dei og prosjektgruppa til Bjåen Fjellstove og Fjellreinsenter, kor Ragnhild Bjåen tok imot oss saman med Kjell Bitustøyl. Bjåen sin familie haldt rein fram til 1979 og ho hugsar sjølv drifta og samane som var der som gjetarar. Bitustøyl har lenge studert denne drifta og skrive fleire bøker om dette.
Saman med Brith Lillevannet og Cato Lejon Myrnes frå Agder Sameforening fekk me alle sjå spora etter reindrifta i landskapet, og lære om denne. Me fekk også sjå gjenstandar som var att i Bjåen sin familie og ulikt utstyr som var laga og brukt etter dei samiske gjetarane. Dette var ein bokstaveleg strålande start på prosjektet.
