English version of this page

Slik jobbar Universitetet i Agder med kunstig intelligens

KI skal vere ein del av både forsking, undervisning og administrasjon på UiA. – Vi ligg langt framme i sektoren på området, seier KI-koordinator Maj Schian Nielsen.

Bildet kan inneholde: by, storbyområdet, næringsbygg, hovedkvarter, blandet bruk.
Av Walter Wehus
Publisert 26. mai 2025 - Sist endret 16. okt. 2025

På Fakultet for kunstfag ved Universitetet i Agder (UiA) står det to små, relativt nyinnkjøpte, ikkje særleg kostbare datamaskiner. På desse kan studentane bruke gratis og opne verktøy for kunstig intelligens (KI) til å lage bilde for bruk i studiane.

– Vi bruker KI saman med studentar som jobbar med kunstnariske uttrykk. Spesielt i idéprosessen kan det vere nyttig å jobbe med kunstig intelligens, seier Tor Jørund Føreland Pedersen.

Han jobbar på UiAs Institutt for visuelle og sceniske fag, og har interessert seg for korleis studentane kan bruke KI utan dei avgrensingane som ligg i kommersielle tenester som ChatGPT.

Pedersen er bekymra for at når store firma vil kontrollere korleis vi skaper innhald på ein så rigid måte som dei gjer, blir ikkje den kunstnariske fridommen tatt vare på. 

– Det blir som å gi studentane våre ein målarpensel og seie «du kan ikkje måle aktmodellar eller noko som kan oppfattast som støytande med denne». Det er ikkje nokon god måte å utdanne kunstnarar på, seier han.

Bildet kan inneholde: ansiktshår, fotografi, skjegg, erme, t-skjorte.
Tor Jørund Føreland Pedersen er førsteamanuensis på Institutt for visuelle og sceniske fag.

Trygg og ansvarleg bruk

Prosjektet på Fakultet for kunstfag er kanskje avgrensa i omfang. Men det er eit godt døme på dei mange ulike måtane UiA har teke i bruk KI dei siste åra. 

Hilde Inntjore er viserektor for utdanning ved UiA.

Universitetsstyret bestemde i juni i fjor at kunstig intelligens skal vere ein del av både forsking, undervisning og administrasjon på universitetet. KI skal vere ein del av alle studieprogram. 

Då studentane ved norske universitet vart spurde i 2024, var UiA-studentane dei mest fornøgde med KI-opplæringa dei hadde fått.

– Studentar som vel UiA skal vere trygge på at dei skal få med seg kompetanse om korleis nye verktøy kan brukast på ein effektiv og ansvarleg måte, seier viserektor for utdanning Hilde Inntjore.

Ho har sjølv fått plass i KI-utvalet til regjeringa denne våren.

UiA langt framme

– Vi ligg langt framme i å ta i bruk KI, seier Maj Schian Nielsen.

Nielsen er ein av to KI-koordinatorar på UiA, ein jobb ho starta i 2023. Ordninga med KI-koordinatorar vart også framheva i rapporten om kunstig intelligens i UH-sektoren, frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

Ho bruker mykje tid på å snakke med og kurse studentar og tilsette i kunstig intelligens.

Maj Schian Nielsen er førstebibliotekar på Universitetsbiblioteket på UiA, og KI-koordinator på universitetet.

– Innføringa av KI har faktisk gitt oss eit betre samarbeid med studentane. Vi er litt likestilte på dette feltet, alle er usikre på kva som er lov og kva som er lurt. I staden for å la alle finne ut av ting på eiga hand, så har vi vorte flinkare til å lytte til kvarandre og samarbeide breiare mellom fagmiljøa, seier ho.

Fleire hundre tilsette ved UiA har allereie gjennomført KI-opplæring av ulikt omfang. UiA har også saman med Høgskolen i Kristiania teke initiativ til eit nasjonalt nettverk for KI i utdanning. I dag deltek alle høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg i nettverket.

Jobbar breiare med KI

Nielsen peikar på at mange har vore redde for at vi delegerer tenkinga vår til KI, men ho trur ikkje at det skjer. 

– Tvert imot har KI starta mange diskusjonar rundt oppdraget til universitet og høgskular: Kva ønskjer vi med utdanningane våre, og kva treng studentane å lære. Tilgjengeleggjeringa av KI opnar for ein sentral diskusjon om læring og kompetansar, seier ho.

I mai hadde det nye KI-kjerneteamet til universitetet sitt første møte. Teamet skal jobbe med mykje av det same som KI-koordinatorane, men skal sørgje for at arbeidet blir gjort breiare og meir systematisk.

– Det handlar om å sjå på heilskapen og prioritere kva vi skal satse på og ikkje. Samtidig som at vi ikkje vil slå i hel entusiasmen blant dei som allereie jobbar med det, seier Nielsen, som sit i kjerneteamet.

Må finne gode løysingar

Eit døme på korleis KI har vore til inspirasjon når studentar og ansatte på Fakultet for kunstfag skulle lage noko nytt av ein arva, påbegynt modell av ei seilskute. (Foto: Tor Jarle Wergeland)

På fakultetet for kunstfag tek Jørund Føreland Pedersen til orde for nettopp meir samarbeid og koordinering i sektoren når det gjeld kunstig intelligens. 

– KI er større enn internett. Det endrar verda på godt og vondt. Vi er fleire år inn i dette, og det er viktig at UH-sektoren finn gode løysingar mellom anna for KI-generering. Det skjer mykje spennande heile tida, men vi treng gode, permanente løysingar for korleis vi skal jobbe med KI, seier han.