− Vi står i dag ovanfor ei global biomangfaldskrise. Desse truslane gjeld også for Kristiansand og Campus Gimlemoen. Naturområda på campus og artane som bur her er under stadig press.
Det fastslår Anne Lien frå Institutt for naturvitskaplege fag og Malene Østreng Nygård frå Naturmuseum og botanisk hage ved UiA. Dei to leidde ei prosjektgruppe sat saman i 2022 med fokus på tiltak for å bevare og fremme biologisk mangfald på UiA. Arbeidet resulterte i rapport BIOMANG.
I rapporten blir det peika på at artar døyr ut 100 til 1000 gonger raskare enn i tidlegare geologiske tider på global basis. I Noreg har minst 107 artar døydd ut dei siste 200 åra, og kvar femte art står i fare for å forsvinne. Den generelle auken i artsutryddingar kjem hovudsakleg av menneskeleg aktivitet, og dei største truslane er landsarealendringar, overutnytting, klimaendringar, forureining og spreiing av invaderande framandartar.
Korleis kan så UiA arbeide lokalt for å bremse tapet av biologisk mangfald?

Hole eiker er heim for over 1500 artar av insekt, lav, mosar og sopp
Rapporten BIOMANG tar for seg sju konkrete arbeidspakkar som beskriv tiltak retta mot ulike artar eller organismegrupper som representerer ulike nivå i næringskjeda:
- Ville pollinerande innsekter
- Spettar
- Flaggermus
- Piggsvin
- Salamandrar
- Hol eik
- Hindre spreiing av framandartar
På campus finst blant anna tre artar av spetter og minst to artar av flaggermus. Det lever også fleire piggsvin på campus, og salamandrar i dammen på Naturmuseet.
Sjølv om tiltaka i rapporten rettar seg mot visse organismegrupper, vil dei kunne bidra til å bevare og fremme det biologiske mangfaldet generelt.
I forlenginga av arbeidet har det også vore eit studentprosjekt med same tematikk. Dette resulterte i prosjekt HOTSPOTT, som set søkelys på korleis formidle biologisk mangfald på ein måte som kan engasjere publikum.

Arbeidet kan du sjå i denne skisseboka (pdf).
Flaggermus- og piggsvinkasser på campus
Denne hausten har det blitt sett saman ei arbeidsgruppe, beståande av både tilsette, studentar og Statsbygg, som skal jobbe vidare med å sette i verk konkrete tiltak på campus Kristiansand med utgangspunkt i desse rapportane. Arbeidsgruppa blir leidd av Katharina Reionn Bjørnestøl, miljørådgivar ved UiA.
På sikt ønsker ein også å arbeide med campus Grimstad.
Tiltaka inkluderer:
- Etablere blomstereng, som vil vere eit godt tiltak for å tiltrekke seg ville pollinerande innsekter.
- Legge til rette for at flaggermus og piggsvin skal kunne trivast betre på campus gjennom utplassering av flaggermus- og piggsvinkasser og tilgjengeleggjere bolmateriale.
- Jobbe med kartlegging og fjerning av framandartar.
- Tilrettelegging for vidareføring av den eksisterande hole eika på campus og sikre framtidig rekruttering av nye hole eiker.
