UiA på Agder Defence: Forsking for eit tryggare samfunn

UiA-forskarar har testa KI-teknologi saman med Nkom og Stortinget. På Agder Defence viste dei kva forskinga kan bety for tryggleiken vår og måten offentlege etatar brukar kunstig intelligens på.

Leif Skiftenes Flak og Tore O. Sandvik på scenen framfor tittelen Agder Defence Industry Dialogue 2026.

Dekan Leif Skiftenes Flak (til venstre) og forsvarsminister Tore O. Sandvik på scenen under Agder Defence Industry Dialogue.

Foto: Denis Domazet / UiA
Av Denis Domazet
Publisert 27. okt. 2026 - Sist endra 27. okt. 2026

Universitetet var ein av arrangørane då Agder Defence Industry Dialogue samla næringsliv, forsvar og offentlege etatar i Kristiansand 26. oktober. Dekan ved Fakultet for samfunnsvitskap, Leif Skiftenes Flak, leia dagen saman med Susanne Lende frå Kristiansand kommune. Forsvarsminister Tore O. Sandvik var blant deltakarane.

Viserektor Gøril Hannås la vekt på at UiA må bidra med kunnskap som samfunnet treng både no og i åra framover. Ho peikte på fagmiljø innan kunstig intelligens, mekatronikk, digitale system og spelteknologi. Universitetet samarbeider med bedrifter og offentlege etatar gjennom forsking, studentprosjekt og praksis.

Panelsamtale med Gøril Hannås, Lene Merethe Liodden og Tore O. Sandvik, med møteleiaren til høgre.
Viserektor Gøril Hannås (UiA), Lene Merethe Liodden (Mechatronics Innovation Lab) og forsvarsminister Tore O. Sandvik i samtalen om kva Agder kan levere til forsvarsløftet. Liv Eva Kirkesæther leia samtalen.

Meir kunnskap om desinformasjon

Hannås tok også opp korleis samfunnet kan bli betre rusta til å møte desinformasjon og ta avgjerder når mykje er usikkert. Ho etterlyste meir kunnskap og forsking på korleis desinformasjon påverkar samfunnet.

Dette gir samfunnsfaga ein tydeleg plass i beredskapsarbeidet. Korleis menneske vurderer informasjon, tek avgjerder og samarbeider, har betydning for korleis samfunnet handterer ei krise.

Ved Fakultet for samfunnsvitskap lærer studentane på masteren i cybersikkerheitsleiing å planleggje og leie tryggingsarbeid. Studiet tek opp korleis folk brukar digitale system, korleis tryggingsarbeidet blir organisert, og kva etiske og juridiske omsyn som må takast.

KI som menneske kan etterprøve

Ole-Christoffer Granmo og Rebekka Olsson Omslandseter er frå Institutt for IKT og Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR) ved UiA. Dei viste fram Tsetlin-maskinen, ein KI-teknologi utvikla ved universitetet. Teknologien gjer det mogleg å sjå kva modellen byggjer vurderingane sine på. Forskarane viste kvifor dette er viktig når KI skal brukast til oppgåver som har betydning for tryggleiken vår og for samfunnet.

Rebekka Olsson Omslandseter ved talarstolen med ein presentasjon av KI-samarbeidet på skjermen.
Rebekka Olsson Omslandseter og professor Ole-Christoffer Granmo (til høgre), begge frå Institutt for IKT og CAIR ved UiA, presenterte KI-forskinga og samarbeidet med Nkom.

Eitt døme var arbeidet med å oppdage GPS-forstyrringar, i samarbeid med mellom andre Nkom. Feil posisjon kan få alvorlege følgjer, til dømes under eit redningsoppdrag. Forskarane har testa korleis KI kan kjenne att ulike typar forstyrringar.

Eit anna døme var samarbeidet med Stortinget om å setje emneord på dokument. Modellen viser kva ord og uttrykk som ligg til grunn for kategoriseringa. Då kan menneske etterprøve vurderinga, i staden for berre å få eit svar frå systemet.

Omslandseter fortalde også om to nye forskingssenter ved UiA, iENG og IAAAI, og inviterte til meir samarbeid. Sentera skal arbeide med KI-assistert ingeniørdesign og KI-system som er forklarbare, pålitelege og kan brukast på ein ansvarleg måte.

Skal dele informasjon under kriser

Kartverkssjef Johnny Welle fortalde om Agderpiloten, der UiA samarbeider med fylkeskommunen, Heimevernet, Kartverket og Nkom. Målet er at sivile og militære beredskapsetatar skal kunne dele informasjon mellom digitale system og få eit felles bilete av det som skjer.

Studentar ved UiA har også utvikla ei løysing for slik informasjonsdeling saman med Kartverket, Tietoevry, Nkom og Heimevernet. Ho gjer det mogleg å dele meldingar, bilete og geografisk informasjon mellom systema.

Hannås tok opp behovet for meir infrastruktur der forskarar og fagfolk kan utvikle, teste og øve saman. Lene Merethe Liodden frå Mechatronics Innovation Lab (MIL) fortalde korleis laben hjelper industrien med å utvikle og teste løysingar. UiA er medeigar i MIL.

Glimt frå Agder Defence