Bakgrunn og erfaring
Eg har utdanning frå Universitetet i Oslo, Háskóli Íslands og Universitetet i Bergen, der eg disputerte for graden Dr. Art. i 2004. Har arbeidd ved Universitetet i Stavanger, Moskva Statsuniversitet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og har nå vore ved Universitetet i Agder frå 2018. Eg har også vore førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet i ein periode. Eg er også professor II ved NLA Høgskolen.
Ansvarsområder
Eg er nordist med færøysk og islandsk i fagkretsen. Hovudoppgåva var ei sosiolingvistisk tilnærming til dialekten i Tórshavn på Færøyane. Doktorgradsavhandlinga handla om dialektal variasjon og endring i Agder. Eg har arbeidd mykje i lærarutdanninga, med tidleg språklæring, tileigning av variasjon og tidleg litterasitetsutvikling. I ein postdoc.-periode ved UiB arbeidde eg med språkvanskar knytta til Noonan syndrom. Eg har eit vidt interessefelt innanfor språk og kommunikasjon. Er medlem i det språkpolitiske utvalet ved UiA. Eg er også tilknytta fagspråksenteret ved UiB, https://www4.uib.no/forskning/forskningssentre/fagspraksenteret-senter-for-norsk-fagsprak
Undervisning
Eg har undervist mykje i språktileigning og utvikling av munnlege ferdigheitar, tidleg lesing og skriving i både barnehagelærarutdanninga og lærarutdanninga. Har tidlegare undervist mellom anna på master i logopedi ved UiB, i vestnordisk og austnordisk ved UiB og UiS. Har nå ansvar for norskemnet i master i begynnaropplæring og vidareutdanning i begynnaropplæring. Eg er også kopla til tilskotsordningane for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og skule.
Forskning
Faglige interesser
Språkinnlæring, begynnaropplæring, tidleg literacy, språkvanskar, sosiolingvistikk, dialektologi, språkhistorie
Utvalgte publikasjoner
Selås, M., & Skattør, T. H. (2026). «Dei begynner her»–barn blant ull, troll og tidleg litterasitet. Barn–forskning om barn og barndom i Norden, 44(1).
Selås, M. (2024). Language profiles in Noonan Syndrome – A multiple case study, Clinical Linguistics & Phonetics, DOI: 10.1080/02699206.2023.2298976
Selås, M. og Helland Gujord, A.-K. (2024).Språkmøte i barnehagen. Fagbokforlaget.
Breivega, K. og Selås, M. (2024). Skriveboka. Det norske Samlaget.
Selås, M. og Skattør, T. H. (2023). Leik i norskfaget. Fagbokforlaget.
Gujord, A. K. H., Neteland, R., & Selås, M. (2018). Framvekst av morfologi, syntaks og ordforråd i tidleg andrespråksutvikling–ein longitudinell kasusstudie. NOA-Norsk som andrespråk, (1-2).
Selås, M., & Neteland, R. (2019). Norwegian children's acquisition of the dialect feature r. RASK.
Selås, M. (2020). Ordlæring i eit begynnarperspektiv. I: Ulland og Jensen (red.): Ord og begreper i klasserommet. Fagbokforlaget.
Selås, M., & Helland, W. A. (2016). Pragmatic language impairment in children with Noonan syndrome. Clinical Linguistics & Phonetics, 30(11), 899-910.
Formidling
Slik finner du leselysten - legg telefonen to meter unna
Målingar frå Språkrådet hjelper oss lite i arbeidet med å fremje nynorsk på UiA
Dei yngste barna treng spennande fag som samfunnsfag og KRLE
Først hermar dei etter foreldra, deretter alle dei andre
Hastverksskulen treng avløysing
12 Argument for å halde på framandspråka i ungdomsskulen
Språkeksperter reagerer: — Dette vil skape større avstand til andre land - Tendens
Budsjettsprekk av dimensjonar eller pengar spart?
Ny språklov styrkjer norsken og innbyr til dugnad for språket