0
Hopp til hovedinnhold

Universitetet har ansvar for norsk fagspråk

Studentane våre skal bli gode i norsk, og da må dei få tilgang til eit norsk fagspråk.

Bilde av lærer i klasserom
Talet på utanlandske studentar og forelesarar aukar. Stadig meir undervising blir gitt på engelsk, på alle utdanningsnivå. Lærebøker og annan litteratur er oftare på engelsk, og stadig meir forsking blir publisert på engelsk, skriv kronikkforfattaren, som leiar komiten på Universitetet i Agder som nå skal revidere sine språkpolitiske retningslinjer.

Denne kronikken ble først publisert i Fædrelandsvennen 17. desember. 

Går ein gjennom hovudgata på UiA-campusane i Grimstad eller Kristiansand, ser og høyrer ein at verda har kome hit. Det surrar i ulike språk i korridorar og kantiner.

Talet på utanlandske studentar og forelesarar aukar. Stadig meir undervising blir gitt på engelsk, på alle utdanningsnivå. Lærebøker og annan litteratur er oftare på engelsk, og stadig meir forsking blir publisert på engelsk.

Dette er ei ønska utvikling. Forskingsfronten ligg i møte mellom kunnskapsrike menneske som ser dei same utfordringane frå litt ulike vinklar. For å ta del i fagutviklinga er det nødvendig å vere del av den internasjonale utdannings- og forskingsverda.

For at gode tankar skal få bryne seg på kvarandre, må dei møtast, men den internasjonale forskingsverda møtest ikkje på norsk. Når mindre enn ei av ti doktoravhandlingar er skrivne på norsk, kan det tyde på at vi tenker at norsk ikkje kan brukast til å skrive om fag på, og at engelsk blir det nye felles fagspråket.

Dette fellesspråket er mange ganske gode i, men færre meistrar det ordentleg. Når ein ikkje har arbeidsspråket som førstespråk, mister ein nyansar. Presisjonsnivået blir annleis og ein kan risikere å forenkle eller gjere faget mindre samansett enn det eigentleg er.

I forslaget til ny lov om universitet og høgskular (NOU 2020:3) står det at universiteta og høgskulane har ansvaret for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. Kvar institusjon har språkpolitiske retningslinjer som presiserer kva for ansvar ein tenker at institusjonane har.

Universitetet i Agder skal nå revidere sine språkpolitiske retningslinjer. Eg sit sjølv som leiar i denne komiteen, og ser at dette er eit viktig og ærefullt arbeid. Der får eg ein sjanse til å tenke igjennom kva som er samfunnsoppdraget til universitetet når det gjeld språk, språkbruk og språkopplæring norsk.

Korleis skal UiA vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk? Kvifor er det viktig? Og kva skal vi gjere med engelsk?

Språk er kommunikasjon, det er å formidle ein bodskap til eit publikum. Men språk er meir enn det. Språk handlar om identitet, fellesskap, tilhøyrsle. Og språket er eit medium å tenke i. Vi kan ikkje verken undervise, forske eller formidle utan eit godt språk.

Undersøkingar har vist at arbeidsgjevarar helst vil ha jobbsøkarar som er gode til å formulere seg på norsk, og dei aller fleste studentane våre får seg arbeid i Noreg. Då må vi lære dei å lese, skrive og snakke norsk, slik at dei seinare kommunisere fagleg på arbeidsplassen, med kollegaer, pasientar og klientar. Dei kan forklare, fortelje og halde seg fagleg oppdatert. Og dei må også kunne prate om laust og fast i jobbpausene.

Samtidig veit vi at universitetet er ein del av den internasjonale forskingsverda. Då kjem vi ikkje utanom engelsk. Begrepet parallellspråklegheit kan hjelpe oss her: Det handlar om at ein bruker kvart språk der det høver best. Ut frå denne tankegangen må universitetet både bruke norsk og engelsk – i undervising, forsking og formidling – ut frå kva som passar best.

I undervisinga bør studentar på bachelornivå som hovudregel møte faget sitt på norsk, mens masterstudentar kan lese meir faglitteratur på engelsk.

Utanlandske forelesarar må få tilbod om gode og tilpassa norskkurs med ein gong dei blir tilsett, slik at dei etter rimeleg tid kan forelese på norsk. I mellomtida kan dei kanskje undervise på engelsk, men studentar bør kunne stille spørsmål på norsk.

Forelesingar på norsk bør ha støtteark på engelsk eller omvendt, og ein bør aktivt bruke norske termar (t.d. gjennom å søke i Termportalen på nett) til å støtte norsk fagspråk. I tillegg må vi passe på at alle, både norsktalande og andre, blir i stand til å kommunisere både skriftleg og munnleg på akademisk engelsk, slik at ein kan bruke engelsk i dei situasjonane der det passar best.

Forsking bør publiserast på det mest relevante språket. Ofte er det engelsk. Dersom ein lengre tekst, til dømes ei doktoravhandling, er skriven på engelsk, må den ha eit fyldig samandrag på norsk, slik at ein får utvikla det norske fagspråket på feltet.
Formidling av fagkunnskap bør også foregå på det språket som er best eigna. Særleg på bachelornivå treng studentar lærebøker som set fagkunnskapen inn i ein samanheng. Samtidig vidareutviklar ein norske fagord og eit norsk fagspråk.

Ein bør også vere medviten om samfunnsoppdraget til universitetet og formidle aktivt til eit lekpublikum, til dømes ved å skrive artiklar til avisa, halde føredrag på biblioteka og gjere intervju på radio. Dette er også med på å utvikle eit norsk fagspråk.

Arbeidsmåtane og ansvarsfordelinga må nedfellast i dei nye språkpolitiske retningslinjene for Universitetet i Agder, slik at vi ikkje gløymer oss bort. Og så kan vi gjennomgåande vere litt meir påpasselege på å prøve å gjere som Språkrådet ønsker: Bruke norsk når vi kan, engelsk når vi må.