0
Hopp til hovedinnhold

Budsjettsprekk av dimensjonar, eller pengar spart?

Lysmastene på Levermyr viser oss korleis vi kan arbeide med demokrati og medborgarskap i Fagfornyinga, den nye læreplanen for grunnskulen.

Foto av en sparegris

Forskere fra Universitetet i Agder publiserer relevante artikler under Forskningsdagene 2020, 16.-27. september. Denne stod først på trykk i Agderposten 23. september. 

I kortversjon ser fakta omtrent slik ut: Fotballaget Jervs heimebane Levermyr har fått nye lysmaster fordi Norges Fotballforbund ønska at den nyopprykka 1. divisjonsklubben skulle ha godt lys. Kommunen sette av 5,9 mill kr til mastene. Dette var ikkje nok, og saka har dratt ut i tid. Til slutt bevilga kommunepolitikarane inntil 14 mill til mastene. Nå er rekninga klar: Mastene kosta 12,2 mill å kjøpe inn og sette opp. 

Er så dei nye lysmastene på Levermyr i Grimstad ein kjempestor budsjettsprekk, slik Agderposten skriv i artikkelen «Dobbel pris på lysmastene» frå 28. august, eller sparte ein faktisk pengar på dei, slik Grimstad Adressetidende skriv den vesle notisen «Lysmastene ble billigere» frå 27. august? 

I eit større oppslag 29. august har Grimstad Adressetidende overskrifta «Slik ble den endelige regningen». Her presenterer avisa saka med dei omstridde, og relativt dyre, lysmastene på ein nøktern måte, med utdrag frå kommunale sakspapir, men òg med formuleringar som at «…det hadde vært flere uryddigheter, og kommunen hadde snublet på flere punkter.» 

Sanninga er kanskje ein stad midt mellom desse avisartiklane, og det gjer dette til eit godt eksempel på korleis ein kan bruke lokale saker til å oppnå måla i den nye læreplanen for grunnskulen. 

Det er krevjande å lese aviser. Vi må kunne meir enn å kunne lese beint fram for å sjå kva ein eigentleg les. Vi treng også det ein kallar for kritisk leseferdigheit: Korleis ser vi kva som er fakta, og kva som er vinklinga til journalisten? Kva skal ein stole på?  

I Fagfornyinga står det at «Skolen skal stimulere elevene til å bli aktive medborgere, og gi dem kompetanse til å delta i videreutviklingen av demokratiet i Norge.» Kva slags kunnskapar og ferdigheitar treng ein så for å kunne forstå denne saka? Kva skal vi meine, når ein les så ulike framstillingar av den same situasjonen? 

Når ein skal orientere seg i tekstar, treng ein mange slags kunnskap. Ein treng å kunne kople bokstavar til lydar, sette lydar saman til ord og ord til setningar. Dette er det vi ofte kallar avkodingsferdigheitar. Dette er ikkje nok for å vere ein god og effektiv lesar. Ein treng òg kunnskap om tekstar, om kva som bruker å stå i ulike typar tekstar, om korleis ein skal lese ulike typar tekstar, kva er innforstått, kva blir tatt med og og kva blir valt vekk i den aktuelle teksttypen. 

Vi veit det jo: Vi les snap-meldingar på ein måte, facebook-innlegg på ein annan måte. Dette er truleg noko av grunnen til at det ofte blir så høg temperatur i diskusjonsfelta på Facebook: Vi les slike tekstar altfor fort og unøyaktig. 

Vi bygger på tidlegare leseerfaringar når vi les bøker med svart omslag som krim eller spenningsbøker, mens bøker med lyse omslag gjerne er romanar. 

Med litt øving er det lett å lese IKEA-bruksanvisningar, fordi vi lærer oss kodane dei er skrivne med: Vi forstår at viss bruksanvisningen har eit bilde av ein person med ein hammar, betyr det at vi treng ein hammar for å montere det vi har kjøpt. Dette er ein del av kunnskapen vi må ha for å vere effektive lesarar. 

I tillegg til å vere ein del av lesevitskapen, er dette ein del av Fagfornyinga. I Fagfornyinga er det lagt inn ein del emne som skal takast opp på tvers av alle fag: folkehelse og livsmeistring, berekraftig utvikling og demokrati og medborgarskap. Formålet med demokrati og medborgarskap er at det «[…] skal gi elevene kunnskap om demokratiets forutsetninger, verdier og spilleregler, og gjøre dem i stand til å delta i demokratiske prosesser.» 

Når vi les avisartiklar, er det viktig å vite noko om korleis vi skal lese nettopp avisartiklar. Vi må vite korleis aviser vinklar stoffet sitt, kva dei tar med og ikkje tar med. Har avisa eit prosjekt? Kven er eigentleg avsendar? Korleis får avisartikkelen lesarar, kva er click-bait, spissformuleringar som mest er til for å få merksemd, og kva er saksopplysingar? 

Det er mange saker som kan lesast på tilsvarande måte som mastesaka på Levermyr, to aktuelle er vindturbinprosjektet i Birkenes og diskusjonen om shortsfargar i Lillesand IL. Her er det rikeleg høve til å gjere nettopp det Fagfornyinga ber om: å «…øve opp evnen til å tenke kritisk, lære seg å håndtere meningsbrytninger og respektere uenighet.» 

For at vi –  og  Levermyr – skal bli opplyste, er det viktig å lese avisene. Saka om lysmastene er ei gåvepakke til skular som vil arbeide med lesing, kritisk leseferdigheit, demokrati og medborgarskap.