Nytt senter skal forske på EU og lokaldemokratiet

Korleis forheld norske kommunar seg til reglar frå EU? Det er spørsmålet for Localise, eit av åtte nye prioriterte forskingssenter på UiA.

Foto fra Valsøya i Heim kommune i Trøndelag

Stadig meir nasjonal politikk blir regulert av EU-forordningar. Sjølv om det er staten som godtar desse, er det kommunane som set politikken ut i live. Bildet viser Valsøya i Heim kommune i Trøndelag. (Foto: iStockphoto)

Av Walter Wehus
Publisert 10. nov. 2026 - Sist endret 10. nov. 2026

Gjennom EØS-avtalen er Noreg bunde av eit breitt sett reglar frå EUs indre marknad. Dei handlar om alt frå vatn og avfall til energieffektivitet og kunstig intelligens.

Så langt har mykje av forskinga konsentrert seg om kva dette har å seie på nasjonalt nivå. Samtidig har det blitt anslått av EUs regionkomité at lokale og regionale styresmakter har ansvaret for å sette rundt 70 prosent av EU-lovgivinga ut i livet.

Foto av Sara Blåka
– Vi ønsker å bruke norske kommunar som eit naturleg laboratorium, seier førsteamanuensis Sara Blåka. Ho skal leie Localise, eit nytt prioritert forskingssenter på Universitetet i Agder.

– Noreg har 357 kommunar som alle er bundne av det same nasjonale regelverket. Men samtidig har dei stort sjølvstende, og også svært ulike økonomiske føresetnader, administrativ kapasitet og politiske prioriteringar.

Det seier førsteamanuensis Sara Blåka. Ho er leiar for det nye senteret Localise (Local Implementation of Supranational Regulations: Laboratories of Democracy in Practice) ved Universitetet i Agder.

– Fordi kommunane har det same regelverket, men ulike føresetnader, fungerer dei som eit naturleg laboratorium. Vi forventar at dei tolkar og praktiserer EU-reglane ulikt, det er dette vi ønsker å studere, seier Blåka.

Åtte nye prioriterte senter

I oktober fekk åtte miljø ved Universitetet i Agder status som prioriterte forskingssenter. Dette er ei intern ordning på universitetet, med mål om å utvikle sterke og anerkjente forskingsmiljø med solid gjennomslag i konkurranse om forskingsfinansiering. Senterane startar formelt den 1. januar 2027.

UiA satsar rundt 22 millionar kroner i året over dei neste fem åra på denne ordninga. I tillegg kjem tildeling av rekrutteringsstillingar. Styret og vertsfakulteta dekker halvparten av kostnadene kvar.

Senterane kunne søke i to kategoriar. PRIFORSK 1 er for framveksande og ambisiøse forskingsmiljø, mens PRIFORSK 2 er for allereie etablerte og sterke forskingsmiljø.

Dette er dei nye senterane

Senterane som fekk støtte i PRIFORSK 1 er:

  • Centre for Arts in Action
  • Local Implementation of Supranational Regulations: Laboratories of Democracy in Practice
  • Centre for Research on Industrial and Societal Transformations
  • Genome Centre for Biodiversity and Health
  • Centre for Intelligent Engineering
  • Centre for Educational Research and Co-Creation
  • Senterane som fekk støtte i PRIFORSK 2 er:
  • Centre for Long-Term Care and Health Innovation
  • International Centre for Academic and Applied AI

Av dei eksisterande prioriterte forskingssentera har CIEM – Senter for integrert krisehandtering hatt denne statusen i fem år. Denne perioden blei forlengd fram til 2029.

Klima, helse og kunstig intelligens

Senteret skal konsentrere seg om tre politikkområde: klima og miljø, helse og digital regulering, inkludert kunstig intelligens.

Blåka fortel at dei tre er valde fordi dei er svært ulike.

– Klima- og miljøpolitikken er blant dei mest modne og tettregulerte felta i EU, bygd opp gjennom fleire tiår med direktiv. Her har kommunane konkrete plikter innan vatn, avfall, energi og klimakutt. Helse er også eit gammalt EU-område, men har fått vesentleg meir å seie etter koronapandemien, blant anna gjennom beredskap og helsedata.

Kunstig intelligens er derimot eit nytt reguleringsfelt der EU har bevega seg raskt for å halde tritt med den teknologiske utviklinga. Her finst det få tidlegare regelverk å bygge på, og dermed heller ikkje innarbeidde rutinar eller målar i forvaltinga.

– Kontrasten gir oss høve til å undersøke om måten eit regelverk er utforma på, påverkar korleis kommunane tolkar og gjennomfører det, seier Blåka.

Nyttig for alle forvaltingsnivå

Senteret skal bygge på registerdata som KOSTRA, Organisasjonsdatabasen, Innbyggerundersøkelsen og tal frå SSB, med tidsseriar som går fleire tiår tilbake. Dermed kan forskarane følge korleis økonomi, organisering og politisk samansetning i kommunane endrar seg over tid.

I tillegg skal forskarane intervjue, granske dokumentar og bruke spørjeundersøkingar og andre data frå forskingsinfrastrukturen KODEM.

Ambisjonen til Localise er å endre korleis vi tenker om gjennomføring av EU-politikk, frå eit nasjonalt perspektiv til eit perspektiv der kommunane er sentrale aktørar.

– Dette skal vere nyttig forsking for dei som jobbar på alle forvaltingsnivå, seier Blåka.

Resultata skal blant anna kome i form av policy-notat, handbøker og etter- og vidareutdanningsmodular for kommunalt tilsette. Senteret samarbeider med KS og Kommunal- og distriktsdepartementet, og planlegg seminar og kunnskapsutveksling med kommunane undervegs.

På sikt ønsker forskarane å utvide modellen til fleire land og politikkområde, og bruke han som grunnlag for å søke om midlar frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Saman med Blåka består kjernegruppa på senteret av førsteamanuensis Anne Elizabeth Stie, professor Jarle Trondal, førsteamanuensis Charlotte Kiland og professor Dag Ingvar Jacobsen. Senteret skal tilsette to stipendiatar og lyse ut åtte masterstipend.