– Vi liker å tenkje på Noreg som eit land med høg grad av likestilling og rettferd, men realiteten er at vi også har utfordringar med rasisme, diskriminering, trakassering og seksuelle overgrep, seier Beate Goldschmidt-Gjerløw på Universitetet i Agder.

Saman med Audrey Osler frå Universitetet i Søraust-Noreg, er Goldschmidt-Gjerløw redaktør av boka Nordic Perspectives on Human Rights Education. I boka skriv fleire nordiske forskarar om korleis opplæring i menneskerettane kan bli meir relevant og røyndomsnær.
Ideen til boka oppstod under ein nasjonal konferanse i samfunnsfag ved Universitetet i Agder i 2020.
– Det slo meg at vi mangla ei bok som samla ulike perspektiv frå Noreg og resten av Norden, spesielt med eit kritisk blikk på korleis menneskerettar blir underviste, seier Goldschmidt-Gjerløw.
Norske rettsbrot
Nordiske land har eit internasjonalt rykte som sterke forsvararar av menneskerettar. Då er det lett å miste blikket for våre eigne utfordringar, seier redaktøren.
– Viss elevar berre lærer om brudd på menneskerettar internasjonalt, kan vi miste av syne dei utfordringane vi har her heime. Det er viktig at undervisninga også tek utgangspunkt i vår eigen røyndom, seier ho.
Eit område av menneskerettane som lett kan bli usynleg i Noreg, er spørsmålet om rettane til urfolk. Boka har eit eig kapittel om dette.
– Mange tenkjer at Noreg ikkje har ei kolonial fortid, men realiteten er at behandlinga vår av samane har sterke parallellar til kolonialisering. Landområda til samane vart beslaglagde, kulturen deira undertrykt, og rettane deira vart systematisk ignorert.
Goldschmidt-Gjerløw trekkjer fram konflikten om vindkraftverka på Fosen i Trøndelag som eit pågåande døme på korleis rettane til urfolk blir brotne i dagens Noreg.
– Fosen-saka viser at menneskerettsbrot framleis skjer, sjølv i eit land som hevder å ha ei sterk vektlegging av menneskerettane. Her ser vi eit klart døme på korleis dei sivile og politiske rettane til urfolk ikkje blir tekne vare på, seier ho.
Juridisk kunnskap
Goldschmidt-Gjerløw meiner at kjennskap til lovverk og rettar er avgjerande for at elevar skal kunne bruke menneskerettane aktivt i kvardagen.
– Viss elevar kjenner til lovverket, kan dei stå opp for rettane sine på ein heilt annan måte.
Ho peikar også på at kunnskap om rettar kan vere spesielt viktige i sensitive saker som seksuell trakassering.
– I mi eiga forsking har eg sett at elevar ofte har lite kunnskap om rettane sine, særleg når det gjeld seksuell trakassering og overgrep. Viss dei ikkje veit kva rettar dei har, kan det vere vanskeleg for dei å seie frå eller handle, legg ho til.
Likevel er det ikkje alltid nok med juridisk kunnskap. Lærarar må også undervise om korleis kjensler både kan vere ei drivkraft til å stå opp for rettferd, men også ein barriere.
– Det er aldri ukomplisert å seie frå om brot på menneskerettane, anten det handlar om seksuelle overgrep eller om rettane til urfolk. Sjølv om ein seier i frå er det ikkje alltid ein blir høyrt. Juridisk kunnskap kan danne eit grunnlag for motstand, men det er ikkje nødvendigvis slik at han kan trumfe alle former for maktutøving, seier ho.
Rolla til læraren
Om det er eit fellestrekk mellom undervisninga i menneskerettar i dei nordiske landa, er det at læraren speler ei stor rolle for kor stor plass temaet får.
– Undervisninga elevane får er ofte farga av kva disiplin lærarane kjem frå. Det er meir nærliggjande for lærarar som har juss i fagbakgrunnen sin å trekkje fram menneskerettar, seier Goldschmidt-Gjerløw.
Boka skal vere ei støtte for lærarar, lærarstudentar og for forskarar som er opptekne av sosial rettferd i utdanninga. Redaktøren meiner vi må bli betre på å inkludere opplæring i menneskerettar allereie i lærarutdanninga.
– Mange lærarar seier at dei gjerne skulle hatt meir kompetanse på dette området. Om vi gir det meir plass i utdanninga får vi lærarar som kjenner seg trygge på å gå i djupna på kompetansemåla som handlar om menneskerettane, seier ho.
Boka Nordic Perspectives on Human Rights Education er gitt ut av Routledge.
Flere forskningssaker innen skole og barnehage
-
Yrkesfageleven får mer ut av matematikken utenfor klasserommet 23. juni 2026 10:20
-
Halvparten av norske barn sover for lite 1. juni 2026 13:01
-
– Astrid Lindgren viste at litteratur kan vere politisk utan å vere tungvinn 16. mars 2026 07:40