English version of this page

Møterom for studentaktivitetar

Studentaktivitetar med medlemskap i STA kan nytte møterom i A7 og E2 etter avtale med UiA Hjelp.

Møteromsreglement A7 (KRS) og E2 (GRM)

Ønsker du å reservere møteromma i A7/E2, sender du ein e-post til hjelp@uia.no og merker e-posten med "Bestilling av møterom A7/E2".

Studentaktivitetar som har reservert møterom i A7 (særlig A7 001) og E2 skal vike for anna studieadministrativ møteverksemd, også på kort varsel og uavhengig av bookingtidspunkt. Studentarrangement utanom opningstid er ikkje tillate.

Studentforeiningar/linjeforeiningar bookar møterom i A7 og E2 på e-post til hjelp@uia.no, og kan berre reservere rom frå klokken 1600. Det er ikkje mogleg å booke romma i tidsrommet fredag kl. 1700 til måndag morgon kl. 0700.

Romma skal ryddast etter bruk, og det er forbode å servere eller nyte alkohol i lokala.

Se også: Lavvoen på Campus Grimstad

Publisert 4. apr. 2024 - Sist endret 20. okt. 2025