5. Etter at du har kommet hjem
Velkomen tilbake! Vi håpar du har hatt eit fint utvekslingsopphald.
Fagleg godkjenning
- Fagleg godkjenning av utvekslingsopphaldet blir gjennomført på fakultetet ditt / Avdeling for lærarutdanning. Den endelege godkjenninga er basert på førehandsgodkjenninga og karakterutskrifta frå den utanlandske lærestaden.
- Praksis: For studentar som har vore ute i praksis, erstattar ei praksisevaluering / bekrefting på bestått praksis karakterutskrifta.
- Karakterutskrift: Dersom du får karakterutskrifta frå den utanlandske lærestaden sendt med post til heimstadsadressa di, er ditt ansvar å levere karakterutskrifta til fakultetet ditt på UiA (bekrefta kopi).
- Dersom du får han tilsend på e-post, må du få ein bekrefta kopi av denne eller gi saksbehandlaren din på UiA ei lenke til å opne henne elektronisk. Hugs å sjekke med vertsinstitusjonen din om du sjølv må bestille utskrift eller om den blir send automatisk. Dersom karakterutskrifta blir send direkte til Internasjonalt kontor på UiA, sender vi ein kopi til fakultetet ditt og originalen til deg.
- Studiepoenga frå utvekslinga blir automatisk rapporterte til Lånekassen. Utvekslingsopphaldet vil kome fram på vitnemålet ditt som ’Delstudium utland (namn på institusjon) og talet på studiepoeng som er innpassa. Du legg sjølv karakterutskrifta frå den utanlandske lærestaden ved vitnemålet dersom påkravd fór vidare studiar eller jobbsøking.
Bli fadder
UiA får ca. 600 internasjonale studentar kvart år. Vi treng DEG som fadder / buddy for å hjelpe oss med å gi dei internasjonale studentane våre ei god og trygg oppleving av UiA og Noreg! Meld deg som fadder/ buddy nå, og vêr med på å møte dei ved semesterstart og gi dei ei god oppleving av UiA gjennom semesteret.