Tidleg opptak

Sjå kven som kan søkje, og kva som skal lastast opp i nettsøknaden. 

Du må krysse av for tidleg opptak i søknaden din seinast 1. mars.

Du må fylle alle opptakskrava på søknadstidspunktet. Du har derfor ikkje høve til å få eit tidleg svar viss du skal ta fag, kurs eller språktestar om våren. Fullfører du utdanning etter søknadsfristen, kan du ikkje få tidlig svar.

For å få tidleg opptak til eit studium må du ha ein poengsum som ville ha vore i øvre halvdel blant søkjarane som blei tekne opp til studiet i fjor. Du kan normalt ikkje få tidleg opptak dersom vi ikkje kan poengrekne søknaden din.

Tidleg opptak i Samordna opptak

Du kan søkje tidleg opptak til grunnstudium i Samordna opptak

  • 1. mars: søknadsfrist
  • 20. mars: frist for opplasting
  • 20. mai: svar på søknad om tidleg opptak

Tidleg opptak i Lokalt opptak

Du kan søkje tidleg opptak til alle studier i lokalt opptak (2-årig master, TRES, Y-vei, PPU, ABLU)

  • 1. mars: søknadsfrist
  • 1. mars: frist for opplasting
  • 20. mars: svar på søknad om tidleg opptak

Kven kan søkje tidleg opptak?

Skal du søkje tidleg opptak i Lokalt opptak, må du berre dokumentere at opptakskrava er oppfylte.

Skal du søkje tidleg opptak i Samordna opptak må du òg dokumentere årska til at du ønskjer tidleg opptak. Dette må du laste opp:

  • Du er i jobb og har oppseiingstid, eller må søkje permisjon. Dette dokumenterar du med ein attest frå arbeidsgjevar om oppseiingstid eller permisjon, eller arbeidskontrakt og lønsslipp frå den siste månaden.
  • Du er sjølvstendig næringsdrivande og skal avvikle verksemda i samband med studium. Dette dokumenterar du med ein attest frå Skatteetaten eller føretaksregister om sjølvstendig næringsverksemd.
  • Du må flytte med familie på grunn av jobb, barnehageplass eller skulebyte. Dette dokumenterar du med ein bustadsattest frå Skatteetaten for deg og borna, eller deg og ektefelle/sambuar.
  • Du har behov for særskilt tilrettelegging på studiestaden. Høyr fyrst med lærestaden om det allereie er tilrettelagt for behova dine. Viss ikkje, dokumenterar du behovet med ein attest frå sakkunnig, til dømes lege. Attestar som inneheld sensitive personopplysningar, kan du ikkje laste opp i søknaden. Du må sende dette per post til sakshandsamar. Adressa finn du i søknaden din.
  • Du må søkje opphaldsløyve for å studere. Viss du har mellombels opphaldsløyve, skal du dokumentere dette med opphaldskort. Om du ikkje har opphaldsløyve i Noreg, er det tilstrekkeleg at du har den utanlandske adressa du bur på registrert i søknaden. Dette gjeld ikkje for søkjarar frå EU/EØS-land.
Publisert 11. mars 2024 - Sist endret 18. des. 2025