Reservert studieplass

Du kan få reservert studieplassen din på grunn av innkalling til militærteneste, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande grunnar.

For å få innvilga reservert studieplass for militærteneste må dimmedato vere tidlegast 1. oktober. Det vil sei at viss du har dimmedato før 1. oktober i år, har du ikkje rett på reservert studieplass. Dimmedato må vere etter 1. oktober i år, eller neste år.

Viktig informasjon: 

  • Takk ja til tilbodet innan svarfrist
  • Søknad med dokumentasjon må sendast senest innan 3 veker etter at du fekk studietilbudet

Ein kan få reservert studieplass i eit eller to år avhengig av tenestetida.

Søknad

Du kan ikkje søkje om reservering av studieplass for studietilbod du har fått gjennom Ledige studieplasser, om du har betinget tilbud, eller har fått opptak på vilkår (betinga opptak).           

Du må takke ja til studietilbodet innan svarfristen, uavhengig av søknaden din om å reservere studieplassen.

Søknad om reservert studieplass må sendast innan 3 veker etter at du fekk studietilbodet. 

For å reservere studieplassen din må du sende ein søknad til opptak@uia.no saman med dokumentasjon på kvifor du ynskjer å reservere plassen.

Krav til dokumentasjon

Tenesteinnkalling frå militæret og legeattest på fødsel er døme på dokumentasjon.

Viss dokumentasjonen inneheld sensitive opplysningar, til dømes legeattest, kan dette sendes via skjema:

Send inn

Eventuelt kan sensitiv dokumentasjon også sendes per post til denne adressen:

Universitetet i Agder
Opptak
Postboks 422
4604 Kristiansand

Merk konvolutten: Reservert studieplass. Hugs å merke søknaden med søkjarnummer og kva plass du ynskjer å reservere.

 

Publisert 4. apr. 2024 - Sist endret 25. sep. 2025