Dispensasjon

Dersom du ikkje er i stand til dekkje krava til generell studiekompetanse, kan det gjerast unntak i heilt spesielle tilfelle. Det vil seie at du kan få opptak sjølv om du ikkje dekkjer opptakskrava.

Merk at dispensasjon og særskilt vurdering ikkje er det same. Dispensasjon søkjer du om dersom du ikkje er i stand til dekkje krava til generell studiekompetanse, men for å få særskilt vurdering må du ha generell studiekompetanse (og eventuelle spesielle opptakskrav).

Søknad- og dokumentasjonsfrist:

15. april

Meir informasjon om dispensasjon finn du på Samordna opptak sine sider.

Søknad om dispensasjon

Ved søknad om dispensasjon skal du ikkje krysse av for spesiell vurdering. Det finns ikkje eiget skjema for ei slik søknad. Du må sjølv skrive ei kort begrunnelse for kvifor du har behov for dispensasjon. 

Du må søkje innan 15. april. Dokumentasjonsfristen for dispensasjon er same dato. Søknad om dispensasjon som blir sendt inn etter søknadsfristen blir berre vurdert ved kapasitet.

  1. Vi vurderer om du får innvilga dispensasjon basert på innsendt dokumentasjon.
  2. Dersom du får innvilga dispensasjon, vil vi vurdere om du har faglege føresetnader for å gjennomføre studia du søkjer på. Dette blir vurdert i tråd med punkt 2. om Opptak på grunnlag av dispensasjon frå krav om generell studiekompetanse, i Utfyllande reglar for realkompetansevurdering og dokumentasjonskrav og dispensasjon frå krav om generell studiekompetanse ved Universitetet i Agder.
  3. Til sist, vurderer vi om du når opp i konkurransen og får tilbod om studieplass.

Eit døme:

Du har søkt vernepleiar- eller sjukepleiarutdanning. Du har dokumentert spesifikke matematikkvanskar eller dyskalkuli, og har derfor fått innvilga dispensasjon frå kravet om generell studiekompetanse. 

Vi tek deretter stilling til om dei faglege føresetnadene for å gjennomføre studiet er på plass. Medikamentrekning er ein viktig del av begge studiar, og det krevst at du har naudsynt matematikkkunnskap for å få opptak. 

Fordi du har dokumentert spesifikke matematikkvanskar eller dyskalkuli har du ikkje faglege føresetnader for å gjennomføre vernepleiar- eller sjukepleiarutdanninga og vil derfor ikkje kvalifisere for opptak, sjølv om du har fått innvilga dispensasjon.

Krav til dokumentasjon

Søkjar må dokumentera i kvart enkelt tilfelle at søkjaren på grunnlag av varig sykdom, funksjonshemming eller liknande ikkje har vore i stand til å fullføra krava til generell studiekompetanse. Normalt er det ei legeattest eller ein PPT-rapport. 

Dei faglige forutsetningane for å fullføre studiet må og dokumenterast. 

Ein eventuell dispensasjon gjeld kun for det enkelte studium, ved fleire alternativar må man dokumentera behovet ved dei ulike studia.

Dokumentasjon med sensitive opplysninger, for eksempel legeattest, må sendes via skjema:

Send inn

Eventuelt kan sensitiv dokumentasjon også sendes per post til denne adressen:

Universitetet i Agder
Opptak
Postboks 422
4604 Kristiansand

 

Publisert 11. apr. 2024 - Sist endret 26. jan. 2026