Samordna opptak
Dersom du er elev på vidaregåande skule, og på grunn av spesielle omstende ikkje får gjennomført eksamen i vårsemesteret, kan du søkje om betinga opptak. Du finn meir informasjon om betinga opptak på sidene til Samordna opptak.
Lokalt opptak
For lokalt opptak til grunnstudium følgjer vi same reglar som Samordna opptak.
For lokalt opptak til master- og påbyggingsstudium på høgare grads nivå gjeld eigne reglar. Med mindre anna er fastsett i studieplanen, kan det bli gitt betinga opptak til søkjarar som manglar inntil 15 studiepoeng. Søkjarar som manglar studiepoeng grunna dokumentert sjukdom eller annan tvingande fråværsgrunn, blir rangerte likt med kvalifiserte søkjarar. Andre blir rangerte etter, og kan berre få betinga opptak dersom det er ledige studieplassar. Sjå generelle reglar for betinga opptak i Forskrift om opptak til studier og emner ved Universitet i Agder. Sjå også kva krav som gjeld for det masterstudiet du vil søkje opptak til.