Frå UiA til internasjonale studioscener

Silje, kjent under artistnamnet Silke, studerte bachelor i rytmisk musikk ved UiA. Nå jobbar ho sjølvstendig som artist, musikkprodusent og låtskrivar.

Silje Montsko Blandkjenn

Silje poserer og ser inn i kamera

Jobb: Artist, musikkprodusent og låtskrivar

Arbeidsgivar: Sjølvstendig næringsdrivande

Uteksaminert: 2020

Utdanning:

Utøvande musikk - rytmisk (bachelor) 

Tør å ta sjanger og test ut nye ting – det kan opne dører for deg.

Ein kvardag fylt med musikk

Som sjølvstendig næringsdrivande kombinerer Silje fleire roller og sjonglerer mange ulike oppgåver.

- Jobben min går ut på å skape, ferdigstille og framføre musikk. I tillegg til det skapande er det mykje anna eg gjer, som å drive eige firma, rekneskap, sende e-postar, lese kontraktar, sosiale medium, videoredigering osv.

Kvardagen består ofte av studiosessions, enten aleine eller saman med andre musikarar og produsentar.

- Målet er alltid å ha ein ferdig song ved slutten av ein session. På dei dagane eg jobbar aleine bruker eg tid på å ferdigstille produksjonar eller laga musikk til mitt eige artistprosjekt: Silke – kvar eg skriv, produserer og framfører alle songane mine.

Internasjonalt samarbeid

Artist- og produsentlivet inneber også mykje reising, noko Silje set stor pris på.

- Det blir ein del reising til ulike land, med møte og samarbeid på tvers av kulturar. Ein får bli kjent med mange ulike menneske og oppleve mykje gøy undervegs.

Vegen inn i bransjen

Silje beskriv starten av karrieren som både einsam, skummel og krevjande, men også full av moglegheiter for den som tør å satse. Våren 2020 blei Silje ferdig med bacheloren på UiA – midt under koronapandemien. Ho brukte mykje tid heime på å produsere eigen musikk og lære seg korleis ho kunne jobbe sjølvstendig med eigne prosjekt.

- Etter mykje hard jobbing over mange år, har moglegheitene kome. I starten sat eg mykje aleine i studio, men etter kvart dukka det berre fleire og fleire opp. Det handlar om å følge dei moglegheitene du får – éin ting leier til ein annan, og plutseleg sit du i eit studio i Tokyo.

Ho har allereie skrive og produsert musikk for blant anna Melodi Grand Prix og ESC-finalar i andre land.

Derfor valde ho UiA

Allereie på vidaregåande fekk Silje auga opp for UiA som studiestad.

- Eg syntest det verka som ein god stad å utvikle meg som musikar. Eg har alltid hatt som mål å kunne leve av å framføre og skape musikk. For meg ligg lidenskapen i å skape noko nytt – ei kunstoppleving som vekker kjensle.

Ei relevant utdanning

Studiet på UiA blei ei viktig plattform for Silje – både fagleg og kunstnarisk.

- Eg fekk lære masse om å skape musikk, låtskriving, samarbeid og korleis ein jobbar i studio. I tillegg fekk eg brukt mykje tid på å utvikle stemma mi, det kunstnariske uttrykket mitt, låtskriving og produksjon.

Ho trekker også fram konkrete prosjekt som særleg verdifulle erfaringar.

- Vi hadde prosjekt som barneframsyningar og konsertproduksjonar på studiet. Dei erfaringane har eg tatt med vidare i mine eigne turnear, som konsertframsyninga Juleminner, der eg har jobba saman med andre UiA-alumnar. Her fekk eg definitivt bruk for mykje av erfaringane eg fekk frå konsertframsyningane vi hadde under studiet.

Vil tilrå studiet til andre

For Silje var UiA ein trygg stad å utforske ulike musikalske uttrykk.

- Studiet er ein stad der ein får prøve seg fram, finne inspirasjon, øve på det ein er god på og det ein ikkje kan endå. Det er mange inspirerande lærarar, eit hyggeleg miljø og ein nydeleg by – akkurat passe stor.

Tips til studentar

Til nåverande og framtidige musikkstudentar har ho nokon råd:

- Tør å ta sjanger og test ut nye ting – det kan opne dører for deg. Bli flink på det du gjer, for flinke folk får det til. Og ikkje vere redd for å ta plass eller spørje om samarbeid.

Publisert 25. sep. 2025 - Sist endret 2. des. 2025