Sivert Aase Fluge

- Jobb: Pianist, pianopedagog og kordirigent
- Arbeidsgivar: Sjølvstendig næringsdrivande og Alver kommune
- Uteksaminert: 2021
Utdanning:
Utøvande musikk - klassisk, bachelor
Utøvande musikk - klassisk, master
Ein burde bruke studietida godt på å byggje opp eit sterkt repertoar.
Pianopedagog og musikar
I dag jobbar han som pianopedagog ved Alver kulturskole og driv privatundervising gjennom Litlebergen pianoskule, saman med kona si som også er pianist.
I tillegg tar Sivert oppdrag som pianist og kordirigent. Nyleg blei han også innstilt som leiar i Musikkpedagogene Norge – ein interesseorganisasjon for norske vokal- og instrumentalpedagogar.
Bygget karrieren mens han studerte
Vegen inn i arbeidslivet gjekk gjennom vanlege søknadsprosessar, men Sivert meiner sjølv at arbeidserfaringa han bygde opp under studiane gav han eit fortrinn.
- Eg synes eg har vore heldig med at overgangen frå studie til arbeidsliv har gått relativt sømlaust. Det er nok fordi eg jobba mykje som kulturskulelærar i løpet av studiet.
Sjølv om overgangen frå studium til arbeidsliv gjekk relativt saumlaust, opplevde Sivert eitt tydeleg skilje: tida til eigenøving.
- Noko eg merkar når ein er ferdig på studiet, er at ein får mykje mindre tid til å øve. Ein burde bruke studietida godt på å byggje opp eit sterkt repertoar.
Ein lidenskap for klassisk musikk
Det var lidenskapen for klassisk musikk som gjorde at Sivert valde å studere utøvande musikk.
- Eg ville drive med klassisk musikk, og eg såg for meg at eg hadde noko i meg som eg kunne kultivere og leve av.
Han trekker fram utdanninga som ein avgjerande del av jobben han har i dag.
- Heile grunnlaget for å kunne være musikar og instrumentpedagog ligg i å ha tid til å meistre forholdet til instrumentet sitt.
Eit godt miljø for utvikling
Sivert tilrår studiet ved UiA til andre som vurderer ein karriere innan klassisk musikk.
- Ein har gode fasiliteter, fantastiske lærerar og eit godt miljø – alt ein treng for å jobbe med og kultivere musikken ein har en lidenskap for.
Han understrekar også at møta med professorane ved UiA har sett varige spor. Det positive forholdet mellom professorane og studentane gjennom studiane har bidradd til å skape eit ideal for korleis han tenker om vidareføring av kunnskap og musikk.
Tips til studentar
Til nåverande og framtidige studentar har han eit klart råd:
- Start tidleg med å jobbe, og spel/øv så mykje ein kan mens ein har høve til det!