Skaper meistring frå første stund

Med bachelor i barnehagelærarutdanning og master i spesialpedagogikk jobbar Solveig Eline Mathiassen i dag som pedagogisk-psykologisk rådgivar i PPT Haugesund. Her bidrar ho til tidleg innsats, inkludering og utviklingsmoglegheiter for dei yngste barna.

Solveig Eline Mathiassen

Solveig ser inn i kamera og smiler

Jobb: Pedagogisk psykologisk rådgivar

Arbeidsgivar: PPT Haugesund

Uteksaminert: 2022

Utdanning:

Master i spesialpedagogikk

Det kjennest trygt å ha utdanninga med seg i kvardagen. Det gjer at ein står stødigere i avgjerdene ein tar

Tidleg innsats når det verkeleg gjeld

I rolla som PP-rådgivar i Haugesund kommune arbeider Solveig tett med barnehagar for å styrke kvaliteten på det ordinære tilbodet og sikre inkluderande praksis.

Arbeidskvardagen hennar består av førebyggande arbeid, tidleg innsats, rettleiing av personale og utarbeiding av sakkunnige vurderingar. Når det er tvil om eit barn får godt nok utbyte av det ordinære tilbodet, er det ho som vurderer behovet for vidare tilvising til PPT og spesialpedagogisk hjelp.

– Jobben består også av mykje rettleiing av personalet ute i barnehagen, og dessutan samhandling med ulike instansar i laget rundt barnet.

Ho arbeider både på systemnivå og individnivå, med mål om å styrke praksisen til barnehagen samtidig som kvart enkelt barn blir varetatt.

Ein overgang som kravde omstilling

Trass i praksiserfaring frå barnehage gjennom barnehagelæreutdanninga, opplevde Solveig at overgangen til spesialpedagogrolla var krevjande.

Mange av eksempla i masterstudiet var retta mot skole, og det kravde derfor ein ekstra innsats å omsette teori til barnehagekontekst.

– Likevel er det meste av teorien eg har lært generaliserbar til barnehage. Det har vore ein stor fordel å ha barnehagelærarutdanninga med seg hand i hand med spesialpedagogikken.

Ei drivkraft for inkludering og tilhøyrsle

For Solveig var valet av spesialpedagogikk personleg forankra:

– Barn som av ulike grunnar treng ekstra tilrettelegging har alltid interessert meg. Eg har frå ung alder hatt eit ønsker om å hjelpe andre å kjenne på tilhøyrsle og meistring i samfunnet.

Studium som gir tryggleik i krevjande vurderingar

Solveig trekker særleg fram teori frå faga sosioemosjonell sårbarheit, inkludering og leiing og utviklingsarbeid som viktige i arbeidskvardagen sin.

Sosioemosjonell sårbarheit har gitt henne auka bevisstheit for korleis ein møter barn som strevar. Inkluderingsfaget har gitt ei meir nyansert forståing av eit omgrep som ofte blir brukt, men ikkje alltid blir forstått i djupna. Faget leiing og utviklingsarbeid er direkte relevant i arbeidet hennar med kompetanseheving i barnehagane og endringsprosessar internt i PPT.

– Det kjennest trygt å ha utdanninga med seg i kvardagen. Det gjer at ein står stødigare i avgjerdene ein tar, då det ofte ikkje er eit fasitsvar i jobben vi gjer med barn og unge. Ein skal kontinuerleg vurdere enkeltbarnets, føresette og behova i barnegruppene.

Eit konkret område der utdanninga har vore særleg nyttig, er i arbeidet med samregulering av barn med utfordrande åtferd.

– Utdanninga har bidradd til ei større forståing, og evne til å sjå bak åtferda til barna.

Tilrår studiet ved UiA

Solveig tilrår studiet ved UiA til dei som ønsker fordjuping i spesialpedagogikk og oppdatert kunnskap om dagens praksis.

Ho beskriv kullet som mangfaldig og bestod av studentar ved ulike grunnutdanningar i botn som barnehagelærarar, styrarar, grunnskolelærarar og vernepleiarar.

Studiet krev struktur og systematikk, og ho meiner det er ein fordel å ha erfaring frå praksisfeltet før ein begynner.

Solveig fullførte studiet, samtidig som ho fekk sitt første barn i tredje semester.

– Det var ei god kjensle å stå med bestått mastergrad med ein 8 månader gammal baby på armen.

Ho trekker fram støtta frå forelesarane som avgjerande, og rettar ein særleg takk til Heidi Omdal og David Lansing Cameron for motivasjon og tilrettelegging.

Tips til studentar

– Nyt tida og det den fantastiske byen har å by på. Ver engasjert og interessert. Snakk med forelesarane dine og få eit innblikk i historia deira når det gjeld utdanning og erfaringar frå praksis.

– Eg vil også tilrå studentane å ta ein deltidsjobb som er retta mot spesialpedagogikk, som ikkje nødvendigvis er på ein arbeidsstad du tenker at du vil vere i etter studiet. Det kan by på nye perspektiv som du kan ha med deg seinare i møte med andre barn, elevar, vaksne og foreldre.

Les meir om studiet:

Master i spesialpedagogikk

Publisert 6. mars 2026 - Sist endret 6. mars 2026