Legg til rette for elevar med ulike behov

Kristine Torkelsen jobbar i dag som spesialpedagog i vidaregåande skole. Med både bachelor og master i spesialpedagogikk bruker ho fagkunnskapen sin kvar dag for å legge til rette for meistring, læring og utvikling hos elevar med ulike behov.

Kristine Torkelsen

Kristine ser inn i kamera og smiler

Jobb: Spesialpedagog

Arbeidsgivar: Agder Fylkeskommune

Uteksaminert: 2022

Utdanning:

Spesialpedagogikk (Bachelor)

Spesialpedagogikk (Master)

Eg vil tilrå studiet fordi det gir deg eit høve til å gjere ein reell forskjell i andres kvardag.

Ein skolekvardag med tilpassa opplæring i sentrum

Kristine er tilsett i Agder Fylkeskommune og jobbar som spesialpedagog i vidaregåande opplæring. Arbeidskvardagen hennar handlar i stor grad om å planlegge og gjennomføre undervising som er tilpassa føresetnadene, interessene og vala til elevane av utdanningsområde. Undervisingar er varierte og kan romme både klasseromsundervising og meir praktiske aktivitetar som ADL-trening, matlaging, arbeid i elevbedrift og arbeidspraksis i bedrift. Undervisinga tar utgangspunkt i dei individuelle opplæringsplanane til elevane (IOP), samtidig som Kristine jobbar aktivt for å sjå heile mennesket bak planen.

Relasjonsbygging og tryggleik står også sentralt i arbeidet hennar:

– Relasjon og tryggleik er grunnleggande for læring, og mykje av arbeidet mitt er retta mot å styrke den sosiale kompetansen, meistringa og førebuinga til elevane til eit framtidig arbeidsliv og eit meir sjølvstendig liv.

Kristine er også kontaktlærar der ho følger opp elevane tett gjennom samtalar, møter, samarbeid med føresette og andre instansar ved behov. Ein vanleg arbeidskvardag består gjerne av undervising, planlegging og dokumentasjon, og tverrfaglege samarbeidsmøte med kollegaer og fagarbeidarar.

Eit studieval som vaks fram over tid

Etter vidaregåande var Kristine usikker på kva ho ønskte å studere og jobbe med. Ho hadde deltids- og sommarjobbar, blant anna i bustad for menneske med utviklingshemming, noko som gav henne eit innblikk i arbeid med menneske. For å få tid og rom til å finne ut av vegen vidare, jobba ho som au pair i Italia i eit år. I løpet av dette opphaldet blei ho trygg på at ho ønskte ein jobb der ho kunne jobbe tett med menneske og bidra til å gjere ein forskjell i andres liv.

– Då eg undersøkte ulike moglegheiter, opplevde eg spesialpedagogikk som eit spennande fagfelt. Moglegheita til å jobbe tett med menneske, legge til rette for meistring og bidra til utvikling hos kvar enkelt, samsvarte godt med mine interesser og verdiar.

Teori som pregar praksis

Kristine opplever utdanninga som relevant for jobben ho har i dag. Studiet har gitt henne auka forståing for ulike diagnosar og behov, og for korleis ein kan legge til rette undervising og kvardagen for kvar enkelt elev.

Ho trekker særleg fram pedagogiske perspektiv som toleransevindauget, stillasbygging og den nærmaste utviklingssona.

– Dette er ikkje nødvendigvis teoriar eg tenker klar over heile tida, men dei ligg i bakhovudet og pregar måten eg møter elevane på, korleis eg tilpassar undervising, og korleis eg jobbar med relasjon og meistring.

Kristine trekker også fram praksisperiodane i studiet som spesielt verdifulle. Praksisperiodane, kombinert med relevant arbeid ved sida av studiane, gjorde det lettare å sjå samanhengar mellom teori og praksis. Dette gav henne eit godt utgangspunkt då ho gjekk over i fullt arbeid.

Eit studium med mange moglegheiter

Kristine tilrår både bachelor- og masterstudiet i spesialpedagogikk fordi det er eit meiningsfullt studium med mange ulike yrkesmoglegheiter. Kompetansen kan brukast i ei rekke roller der ein jobbar tett med menneske, enten det er i skole, barnehage, helse- og omsorgstenester eller andre delar av velferdssektoren.

– Studiet passar godt for personar som er interesserte i menneske, relasjon og tilrettelegging, og som ønsker ein jobb der dei kan bidra til utvikling og meistring hos andre. Eg vil tilrå studiet fordi det gir deg eit høve til å gjere ein reell forskjell i andres kvardag.

Tips til studentar

– Mitt beste tips til nye studentar er, dersom det er mogleg, å ha ein liten relevant jobb ved sida av studiane. Eg fekk sjølv tilbod gjennom UiA om å jobbe som spesialpedagog i pedagogisk støtteeining for barnehagar, noko som var spesielt nyttig for meg.

Publisert 29. jan. 2026 - Sist endret 29. jan. 2026