Innhaldsliste

Studiemodell

Haust 2025

Vel studieretning for å se emne

Vår 2026

Vel studieretning for å se emne

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført studium skal kandidaten

  • ha brei kunnskap om skolebiblioteket si rolle som lærings- og danningsarena i eit fleirkulturelt og teknologisk samfunn
  • ha kunnskap om feltet informasjonskompetanse: informasjonssøk, kjeldevurdering, lesing av ulike typar tekst og bruk av informasjon i eiga kunnskapsdanning
  • ha oversikt over nyare forsking om leseutvikling og om samanhengen mellom informasjonskunnskap og leseutvikling
  • vite kva som kjenneteiknar eit undersøkjande arbeid og kva for krav som blir stilte til metode og framstillingsform
  • ha kunnskap om etiske problemstillingar knytte til undersøkjande arbeidsmåtar

Ferdigheiter

Etter fullført studium skal kandidaten

  • ha grunnleggjande ferdigheiter i søk, vurdering og bruk av informasjon
  • kunne gjere didaktiske og metodiske vurderingar når det gjeld bruk av bibliotek og læringsressursar i skolen
  • kunne formulere ei problemstilling og gjere ein fagleg analyse av denne, rapportere arbeidet i ei større skriftleg framstilling, og vurdere og referere til kjelder
  • kunne reflektere over og vise korleis skolebiblioteket kan nyttast i elevane sitt arbeid med å utvikle lesestrategiar

Generell kompetanse

Etter fullført studium skal kandidaten

  • kunne formidle vidare kunnskapane sine om ulike typar tekstar, om leseutvikling og om informasjonskompetanse
  • kunne drøfte faglege og yrkesetiske problemstillingar knytte til skolebibliotekfeltet
  • kunne peike på moglegheiter for vidareutvikling av skolebiblioteket som lærings- og danningsarena

Opptakskrav

30 sp i Skolebibliotekkunnskap 1 (SK-100) og 30 sp i Skolebibliotekkunnskap 2 (SK-101), eller tilsvarande utdanning

Generell skildring av studiet

Studiet handlar om skolebiblioteket som lærings- og danningsarena, om informasjonskompetanse og om utvikling av lesestrategiar i arbeid med trykte og digitale fag- og fiksjonstekster. Sentrale tema er formidling og bruk av ulike typar informasjonskjelder i skolen.

Undervisnings-og læringsformer

Emnet er organisert som eit nettbasert deltidsstudium. Det er éi frivillig fellessamling i Kristiansand. Det meste av undervisning og rettleiing går føre seg på ei digital læringsplattform.

Studentane vil møte varierte undervisnings- og rettleiingsformer på læringsplattforma, til dømes skjermopptak, video og skriftlege førelesingar.

Vurderingsformer

Det blir gitt éin gradert karakter i kvart av dei to emna studiet består av, SK-200 og SK-201. Karakteren byggjer på ein skriftleg, individuell skoleeksamen i emnet SK-200 og ei skriftleg, individuell fordjupingsoppgåve/bacheloroppgåve i emnet SK-201. Sjå omtalen av emna.

Internasjonalisering

II studiet er det innslag av internasjonal pensumlitteratur, særleg amerikansk. Særleg Sverige og USA er føregangsland på dette fagfeltet, og blir trekte inn også i eksempelstoffet i undervisninga.

Undervisningsspråket er norsk.

Yrkesmoglegheiter og vidare utdanning

Studiet gir yrkeskompetanse som skolebibliotekar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Kompetansen kan òg brukast i folkebibliotek, fylkesbibliotek og fagbibliotek.

Studentevaluering

Studentevaluering blir gjennomført årleg i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.2.

Kontaktperson

For ytterlegare informasjon, kontakt studierettleiar Anne Marit Foss (38 14 10 33, anne.m.foss@uia.no) eller studieprogramleiar Line Reichelt Føreland (38 14 21 55, line.r.foreland@uia.no).

Andre opplysningar

Det vert stilt krav om at alle studentar ved UiA har eigen berbar datamaskin til bruk i undervising og eksamen, jf. forskrift om studier og eksamen ved Universitetet i Agder §12d.
Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 17:47:14