SK-201 Bacheloroppgave i skolebibliotekkunnskap (Vår 2026)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Line Reichelt Føreland
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk.
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Undervisningsspråk
Norsk.
Forkunnskapskrav
- SK-100 og SK-101
- SK-200
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført studium skal studenten
- ha inngående kunnskap om det temaet ein har fordjupa seg i gjennom oppgåva
- vite kva som kjenneteiknar eit undersøkjande arbeid og kva for krav som blir stilte til metode og framstillingsform
- ha kunnskap om etiske problemstillingar knytt til undersøkjande arbeidsmåtar
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
- kunne søke etter, finne og vurdere forskingslitteratur og bruke denne for å belyse problemstillinga
- kunne formulere ei problemstilling og gjere ein fagleg analyse av denne
- beherske sjangerkrav i akademisk skriving og referere til kjelder på ein reieleg måte
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
- kunne drøfte faglege og yrkesetiske problemstillingar knytte til skolebibliotekfeltet
- kunne peike på moglegheiter for vidareutvikling av skolebiblioteket som lærings- og danningsarena
Innhald
Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid der ein skal formulere og svare på ei problemstilling. Problemstillinga skal vere knytt til eit relevant tema innanfor skolebibliotekkunnskap. Temaet for oppgåva blir bestemt i samråd med studieprogramleiar eller rettleiar.
Undervisnings- og læringsformer
Hovudarbeidet i dette emnet er arbeid med bacheloroppgåva. Emnet er organisert gjennom læringsplattforma Canvas. Éi obligatorisk samling blir arrangert i Kristiansand. Obligatorisk rettleiing kan bli gitt som gruppe- og individuell rettleiing.
Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
- Godkjent éi obligatorisk innlevering (oversikt over denne ligg føre ved semesterstart)
- Deltaking i obligatorisk samling
- Obligatorisk rettleiing (3 rettleiingsøkter)
Eksamen
Skriftleg, individuell bacheloroppgåve. Gradert karakter. Meir informasjon vil ligge i Canvas.
Studentevaluering
Emneevaluering blir gjennomført i forbindelse med samling.
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 11:23:37