Johannes Birkedal Austenå

Jobb: Produsent
Arbeidsgivar: Universitetet i Agder
Uteksaminert: 2024
Utdanning:
Miljøet ved Institutt for rytmisk musikk består av inspirerande og søkande utøvarar som er genuint interesserte i kvarandres arbeid.
Teknisk ansvar for kunst i praksis
Johannes er produsent ved fakultetet for kunstfag ved Universitet i Agder, der han saman med teamet sitt har det tekniske ansvaret for lyd, lys, audio-visuell og sceneteknikk i dei mange produksjonane til fakultetet. Rolla spenner breitt, frå vedlikehald av ein moderne utstyrspark og rådgiving i innkjøpsprosessar, til detaljert planlegging og gjennomføring av produksjonar.
– Arbeidskvardagen er utruleg variert. Eg trivst godt både med strategisk arbeid på kontoret og i dei hektiske periodane der eg er ’hands-on’ ute i produksjonane.
Frå masterstudent til fast produsent
Vegen inn i produsentrolla starta med eit vikariat rett etter at Johannes fullførte mastergrada ved UiA. I forkant hadde han sjølv tatt initiativ til å kontakte tilsette ved fakultetet for å gjere det kjent at han var tilgjengeleg for oppdrag.
Dette førte til ei mellombels prosjektstilling i CreaTeME, eit senter for framifrå utdanning innan kreativ bruk av teknologi og musikkundervising. Etter ein ordinær søknadsprosess fekk han til slutt fast stilling som produsent ved fakultetet for kunstfag, ei rolle han i dag kombinerer med arbeidet i CreaTeME.
Overgangen frå studium til arbeidsliv
Overgangen frå studium til arbeidsliv opplevde Johannes som relativt saumlaus. Ved sida av studiane hadde Johannes i fleire år jobba som frilans lydteknikar, og var derfor allereie god kjent med mange av arbeidsoppgåvene han møter i dag.
– Den største kontrasten frå studietida er nok tryggleiken ved å ha fast inntekt, i staden for å vere avhengig av å ha nok enkeltoppdrag.
Eit bevisst val om å fordjupe seg
Johannes valde master i rytmisk musikk for å bygge vidare på ei tidlegare bachelorgrad i musikkteknologi, men i ei meir kunstnarisk retning.
Bachelorgrada gav ei brei innføring i musikkteknologi, mens masterstudiet ved UiA opna for fordjuping i komposisjon, lyddesign og utvikling av eige kunstnarisk uttrykk.
Utdanninga ved UiA har vore svært arbeidslivsrelevant, særleg gjennom å gi Johannes fagleg tryggleik og tillit til eigne ferdigheiter. Studietida gav rom for eksperimentering og kunstnarisk utforsking i eit miljø med dyktige medstudentar og tilsette.
– Miljøet ved Institutt for rytmisk musikk består av inspirerande og søkande utøvarar som er genuint interesserte i kvarandres arbeid. Dette gir gode føresetnader for kunstnarisk utvikling gjennom konstruktive tilbakemeldingar og moglegheiter til å teste ut eigen musikk i praksis. I arbeidslivet har dette gitt meg den nødvendige erfaringa for å stå trygt i eigne val og stole på min eigen fagkunnskap.
Å snakke same faglege språk
I rolla som produsent samarbeider Johannes ofte med studentar som fordjupar seg i dei same fagområda han sjølv har bakgrunn frå. At dei deler eit felles fagleg språk, er ein klar fordel i produksjonsarbeidet.
Dette gjeld særleg i samarbeid med studentar på Live Electronics-programmet, der eksperimentell bruk av teknologi står sentralt. Johannes’ rolle er å legge til rette for tekniske løysingar som gjer det mogleg for andre å realisere dei kunstnariske visjonane sine.
– Dette utfordrar meg til å tenke ut løysingar som både er teknisk gode og som varetar den kunstnariske identiteten til studentane.
Johannes er også ofte i kontakt med dei tidlegare medstudentane sine. Under masterstudiet starta Johannes eit artistprosjekt saman med ein medstudent, eit samarbeid som framleis lever vidare. Mange av medstudentane har valt å satse profesjonelt på eigne musikalske karrierar, derfor er det vanleg for Johannes å møte kjente fjes på konsertar, festivalar og musikkonferansar rundt om i landet.
Tilrår studiet til andre
Johannes tilrår studiet ved UiA fordi miljøet og læringsmetodane gir gode føresetnader for kunstnarisk utvikling. På masternivå jobbar studentane i stor grad på tvers av spesialiseringar, noko som gir innblikk i eit breitt spekter av musikkuttrykk, samtidig som det er rom for å gå djupt inn i eigne interessefelt.
– Studiet passar perfekt for alle som ønsker å jobbe fokuserte med sitt eige kunstnariske uttrykk, men som også vil utvide den musikalske horisonten sin.
Tips til studentar
Johannes’ beste råd til studentar er å utnytte tida godt:
– Du får stor fridom til å jobbe sjølvstendig med eigne prosjekt, noko som også krev disiplin. UiA er ein stad der du har alle høve til å utforske din eigen musikk, så det handlar om å nytte seg fullt ut av alt studiet og miljøet har å by på.