Benjamin Øygarden

Jobb: Førstekonsulent på Universitetsbiblioteket (Trainee)
Arbeidsgivar: Trainee Sør
Uteksaminert: 2025
Utdanning:
Du lærer utruleg mykje av å by på deg sjølv, og ofte er det dei erfaringane utanfor forelesingssalen som opnar dører seinare.
Tre verksemder - éi læringsreise
Benjamin er tilsett i Trainee Sør, eit 18 månader langt praktikantprogram der han får prøve seg i tre ulike verksemder. Den første plasseringa er ved Universitetet i Agder, der han jobbar som førstekonsulent ved Universitetsbiblioteket.
– Eg vil verkeleg tilrå studentar å gripe moglegheita til praksis eller trainee-stillingar. Det er først då ein ser kor mykje teori frå studia faktisk kan brukast og kvar gøy det er å jobbe med teknologi som gjer ein forskjell i samfunnet.
På UiA er han ein del av KI-kjerneteamet, eit tverrfagleg miljø som utforskar korleis UiA skal ta i bruk kunstig intelligens, både strategisk og praktisk. Arbeidet spenner frå utvikling av digitale verktøy og KI-agentar til etiske retningslinjer og organisatoriske avklaringar.
– Vi ser både på praktiske løysingar, etiske retningslinjer og korleis KI kan brukast til å gjere UiA meir effektiv og innovativ på ein trygg måte.
Noko av det han set mest pris på i jobben, er å sjå at arbeidet faktisk har noko å seie, også utanfor UiA.
– Nyleg bidrog eg til eit høyringsinnspel til Justisdepartementet, noko som kan få nasjonal innverknad.
Eit bevisst studieval
Studieløpet til Benjamin starta i Bergen der han tok bachelor i kognitiv vitskap. Fascinasjonen for hjernen og kombinasjonen av teknologi, psykologi og biologi var drivkrafta. Seinare flytta han heim til Kristiansand for å bygge vidare med master i informasjonssystem.
– Det eg likte best med studiet, var at det ikkje berre handla om teknologi i seg sjølv, men om korleis den faktisk påverkar menneske og samfunnet rundt oss. Eg syntest det var spennande å sjå korleis vi kan bruke teknologi på ein måte som faktisk gjer ein forskjell. Eg er veldig nøgd med valet mitt, studiet gav meg eit breitt og tverrfagleg blikk som eg har hatt skikkeleg mykje igjen for i jobben min i dag.
Benjamin beskriv studietida ved UiA som både sosial, lærerik og full av moglegheiter. Han trekker fram eit miljø der det er lett å engasjere seg, enten gjennom utveksling, prosjekt, bedriftsmøte eller studentkonkurransar.
Opplever utdanninga som svært relevant
Benjamin opplever at masteren i informasjonssystem har vore svært relevant for jobben han gjer i dag. Studiet gav han eit solid fundament i sampelet mellom teknologi og organisasjon, og ei forståing av at teknologi aldri eksisterer i eit vakuum.
– I masteroppgåva mi forska eg på korleis KI blir tatt i bruk i norsk skoleadministrasjon, og det gav meg ei djup forståing av både moglegheiter og utfordringar ved på implementere KI i offentleg sektor. Den innsikta bruker eg nå direkte i arbeidet ved UiA, der vi skal hjelpe tilsette og studentar å forstå og ta i bruk KI på ein trygg og meiningsfull måte.
Samarbeid som nøkkelkompetanse
Noko av det Benjamin har hatt størst nytte av frå studietida, er erfaringa med gruppearbeid og prosjektbasert samarbeid. Gjennom studiane lærte han verdien av å lytte, diskutere og kome fram til løysingar saman.
– Det handlar ikkje om å ha rett, men om å forstå kvarandre og skape gode løysingar saman.
Vegen inn i Trainee Sør
Benjamin søkte Trainee Sør mot slutten av masterstudiet, med eit ønske om å bruke kunnskapen om teknologi og organisasjon i praksis. Programmet gav han høve til å utforske ulike arbeidsplassar og roller.
I tillegg til studia deltok han i ein studentkonkurranse arrangert av Sopra Steria, ei erfaring han trekker fram som både lærerik og motiverande.
– Eg fekk verkeleg kjenne på kvar gøy det er å samarbeide, pitche idear og sjå korleis teknologi kan brukast til å løyse reelle problem.
Saman med masteroppgåva om KI i skoleadministrasjon meiner han desse erfaringane bidrog til å vise både fagleg tyngde og engasjement.
Tips til studentar
Til studentar som er midt i studieløpet, har Benjamin eit tydeleg råd: bruk tida godt.
– Utnytt studietida! Det kan kjennast som alt handlar om eksamenar og stram økonomi, men det er nå du har sjansen til å utforske, teste ut ting og finne ut kva du faktisk liker. Bruk moglegheitene du får, bli med på prosjekt, ta verv, prøv praksis eller utveksling. Du lærer utruleg mykje av å by på deg sjølv, og ofte er det dei erfaringane utanfor forelesingssalen som opnar dører seinare.