English version of this page

Jobbar for å støtte flyktningars integrering i Noreg

Robby Ntonde jobbar som spesialkonsulent ved NAV Kongsvinger. Målet hans er å støtte flyktningar på vegen mot integrering og sjølvstende i det norske samfunnet. 

Robby London Ntonde

Robby står i dress og holder masteroppgaven sin

Jobb: Spesialkonsulent

Arbeidsgivar: NAV Kongsvinger

Uteksaminert: 2022

Utdanning: 

Global Development, Crisis and Change

Ønsket mitt var å lære, forstå g delta i flyktning- og innvandringssystemet i Noreg. 

Ei meiningsfull rolle i NAV

Sidan april 2023 har Robby jobba i flyktningavdelinga ved NAV Kongsvinger. Han kombinerer to roller - flyktningkonsulent og programrådgivar. Som mange andre jobbsøkarar brukte han fleire offisielle kanalar for å søke jobb i Noreg, og fekk den nåverande stillinga si som spesialkonsulent gjennom ein ordinær søknadsprosess på nett.

I det daglege arbeidet sitt koordinerer Robby individuelle og tilpassa integreringsplanar, gir rettleiing og sørger for at kvar deltakar får tilgang til dei ressursane og moglegheitene dei treng.

- Vi følger flyktningar frå dei buset seg, gjennom heile introduksjonsprogrammet og vidare etter programmet – heilt til dei har fullført fem år i kommunen.

Ei reise frå DR Kongo til Noreg

Robbys utdanningsbakgrunn begynte i Den demokratiske republikken Kongo, der han tok ei bachelorgrad i ruraløkonomi. Studiet fokuserte på forståinga av dei sosiale, økonomiske og miljømessige utfordringane som formar utviklinga i rurale område.

Då han flytta til Noreg i 2016, førte nysgjerrigheita rundt integrering og sosial inkludering han til UiA og masterprogrammet i Global Development.

- Ønsket mitt var å lære, forstå og delta i flyktning- og innvandringssystemet i Noreg. Eg ville forstå kvifor nokon lykkast mens andre slit.

Koplinga mellom akademia og praksis 

Under studia ved UiA opplevde Robby at dei faglege interessene hans passet godt med dei profesjonelle ambisjonane sine. Masteroppgåva hans tok for seg flyktningars erfaringar etter introduksjonsprogrammet i Kristiansand, og undersøkte kva faktorar som hindrar tilgang til arbeid og full deltaking i samfunnet.

- Forskinga mi rundt integrering av flyktningar i Noreg er eit konkret eksempel på korleis utdanninga mi har vore nyttig i jobben eg har nå.

Han forklarer at masterprogrammet i Global Development hjelp han med å kombinere lokal forståing frå tidlegare studiar med eit globalt perspektiv på utvikling og politikk.

Ei utdanning som førebur deg på å gjere ein forskjell

Robby framhevar relevansen av utdanninga si og oppfordrar komande studentar til å vurdere masteren i Global Development for dens praktiske tilnærming.

- Dette programmet førebur studentane på å møte sosiale, økonomiske, miljømessige og politiske utfordringar – og å finne berekraftige løysingar.

Han meiner studiet passar spesielt godt for opne og nysgjerrige studentar som ønsker å forstå komplekse globale spørsmål og bidra til positiv endring.

Tips til studentar

Til dei som vurderer å ta ei mastergrad ved UiA, har Robby eit enkelt, men strategisk råd:

- Vel eit relevant tema, og ver engasjert når du skriv masteroppgåva di – det kan vere nøkkelen til framtidige moglegheiter.

Publisert 13. okt. 2025 - Sist endret 4. des. 2025