Matematikk i barnehagen: Kroppslege, kreative og utforskande læringsformer
KristiansandYnskjer du fordjupning i korleis ein kan legge til rette for matematikk i barnehagen gjennom kreative, kroppslege og utforskande læringsformer, så er dette studiet noko for deg.
10 studiepoeng
Fakta om programmet
- Organisering
- Deltid
- Oppstart:
- Høst 2026
- Semesteravgift:
- Ja
- Studieavgift:
- Nei
Om studiet
Studiet rettar seg mot barnehagelærerar som ynskjer å fordjupe seg i korleis ein kan legge til rette for meiningsfulle læringsaktivitetar som inkluderer matematiske omgrep og som er tilpassa born i ulike aldersgrupper i barnehagen. Studiet legg spesielt vekt på den potensielle spenninga mellom leikens uvisse og matematikkens «målfokus» og korleis ein kan handtere denne spenninga. Studiet fokuserer vidare på ulike tilnærmingar til matematisk tenking og læring der fantasi, kropp og leik er i fokus.
Hva lærer du?
Gjennom studiet får studenten kunnskapar om borns utvikling av talforståing, rom- og formforståing, mønsterforståing og forståing for målingsomgrepet. Studenten får vidare kunnskapar om kva rolle leik, fantasi og teikning spelar i borns matematiske tenking, samt kva rolle språket, kroppen og omgjevnadane spelar i matematiske læreprosessar. Studenten får òg kunnskapar om matematisk problemløysing og samanhengen mellom leik og problemløysing.
Studiet skal vidare gje studenten kompetanse til å kunne legge til rette for matematiske læringsaktivitetar som er tilpassa born i ulike aldersgrupper i barnehagen. Studenten får òg kompetanse til å kunne legge til rette for tverrfagleg og heilhetleg læring der matematiske omgrep er inkludert, samt analysere og reflektere kring eigen deltaking i matematiske læreprosessar med små born.
Du finner detaljert informasjon om studiets oppbygning og innhold i studieplanen.
Opptakskrav
Barnehagelærerutdanning.
Søkjarar må dessutan vere tilsett i ein barnehage og ha tilgang til ei barnegruppe der praktisk utprøving i samband med arbeidskrava i studiet kan utførast.
Løpende opptak
Studietilbodet har kontinuerleg opptak. «Først-til-mølla»-prinsippet gjeld dersom du er kvalifisert jamfør opptakskrava. Opptaket stengast når studiet er fullt.
Svar på opptak vert sendt i starten av kvar månad. Du må likevel berekne minimum 14 dagar frå du søker til du får svar. Det er viktig at du lastar opp relevant dokumentasjon (utdanning/praksis/ansatt-kontrakt osv.) innan 5 verkedagar etter søknaden er sendt inn.
Generelle betingelser for etter- og videreutdanningstilbud ved UiA
Oppbygning og praktisk informasjon
Undervisning og læringsformer
Studiet har eit forventa arbeidsomfang på rundt 280 timer fordelt på ca.70 timar i kvar modul.
Studiet består av synkrone- og asynkrone forelesingar, oppgåver, lesing og gruppediskusjonar. Dei synkrone forelesingane vil foregå som zoom-møter i sann tid og bestå av nokre forelesningar av faglærar samt arbeidsoppgåver, felles refleksjonar og gruppediskusjonar. Dei asynkrone forelesingane vil bli lagt ut i Canvas og bestå av videoar, lesing, arbeidsoppgåver og refleksjonar.
I studiet inngår det to obligatoriske samlingar med tilbod om eit hybrid digitalt alternativ. Kvar samling går over to påfølgande dagar. Studiet forutset at deltakarane har tilgang til ei barnegruppe der praktisk utprøving i samband med arbeidskrava i studiet kan utførast.
Studiet er delt opp i 2 emne av 5sp kvar (5sp haust og 5sp vår). Kvart emne er igjen delt opp i 2 modular, totalt 4 modular i heile studiet:
Modul 1: I denne modulen skal studentane lære å lage ei fantasi-verd som ramme for matematisk tenking. Læringsteoretisk omhandlar modulen kva rolle fantasi spelar inn på læringsprosessen. Det blir òg noko fokus på tverrfaglegheit.
Modul 2: I denne modulen skal studentane lære korleis ein kan legge til rette for matematisk tenking gjennom ulike former for leik. Læringsteoretisk omhandlar modulen den potensielle spenninga mellom leikens uvisse og matematikkens «målfokus» og korleis ein kan handtere dette.
Modul 3: I denne modulen skal studentane lære korleis ein kan legge til rette for problemløysing i matematikk gjennom leikne tilnærmingar. Læringsteoretisk omhandlar modulen om problemløysing, samanhengen mellom leik og problemløysing, samt kva rolle kroppen og omgjevnadane spelar i læreprosessen.
Modul 4: I denne modulen skal studentane lære å planlegge aktivitetar der born kan nytte teikning i si matematiske tenking. Læringsteoretisk skal modulen omhandle kva rolle teikning spelar i matematiske læreprosessar.
Vurderingsformer
For kvar modul skal studenten levere inn eit arbeidskrav. Arbeidskrava består av ei utprøving i eigen barnehage, samt ei rapportering frå utprøvinga.
Det inngår to deleksamenar i studiet: ei mappeinnlevering i første semesteret og ein munnleg individuell eksamen i andre semesteret. Begge deleksamenane har vurderingsforma bestått / ikkje bestått. Begge deleksamenane må vere bestått for at studiet som heilskap skal vurderast til bestått.
Nærmare beskriving av mappeeksamen og munnleg eksamen vert gjeve gjennom semesteret.
Studiet går over to semester. I studiet inngår det to obligatoriske samlingar med tilbod om eit hybrid digitalt alternativ. Kvar samling går over to påfølgande dagar. Datoar for samlingane vert sendt studenten i god tid før oppstart.
Studiet forutset at deltakarane har tilgang til ei barnegruppe der praktisk utprøving i samband med arbeidskrava i studiet kan utførast.
Andre opplysninger
Studiet har ingen studieavgift, men ei lovpålagt semesteravgift til studentsamskipnaden og utgifter til pensum litteratur.
Praktisk informasjon om eksamen ved UiA
Fagansvarleg er Førsteamanuensis Svanhild Breive ved Institutt for matematiske fag.
Det tas forbehold om et minimum antall deltakere for at videreutdanningen skal starte opp.
Studieplan
MA-939 Matematikk i barnehagen: kroppslege, kreative og utforskande læringsformer
Slik søker du
Kontakt
- E-post
- victoria.belous@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 23 46
- E-post
- svanhild.breive@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 19 81