Du må kvart semester betale semesteravgift for å bli registrert som student, ta eksamen, få utbetaling frå lånekassa og for å få gyldig studentbevis. Du treng studentbevis for å nytte tenester frå Studentsamskipnaden i Agder (SiA) og for å få rabatt på m.a. reiser.
Semesteravgift
Dersom du ikkje betaler semesteravgifta innan 1. februar / 1. september, blir du ikkje rekna som student og eksamensoppmeldingane dine vil bli sletta.
For studieåret 2026-27 er semesteravgift og andre avgifter på kr 800,- og går til:
- Semesteravgift til SiA: kr. 575,-
- Kopinoravgift: kr. 225,-
I tillegg er det ei valfri avgift til Studentene og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH): kr. 50,-
Merk at fakturaen i Studentweb automatisk inkluderer SAIH-tierne. Dersom du ikkje ønskjer å bidra må du sjølv endre beløpet når du gjennomfører betalinga di i nettbanken.
Merk at det tar to til tre arbeidsdagar frå du har betalt til vi har fått inn betalinga di i systema våre.
Fyste gang du betalar semesteravgifta, får du kr. 50,- inn på studentkortet ditt til utskrifter. Etter dette, må du betale inn ekstra sjølv.
Dersom du betaler semesteravgift til ein annan høgskole eller universitet, blir ikkje betalinga automatisk registrert i studentsystemet ved UiA. Du må difor vise/sende dokumentasjon på at du har betalt semesteravgift ved den andre studiestaden, slik at det kan bli registrert manuelt her ved UiA. Kom innom UiA Hjelp på din campus eller send eit brev/e-post til UiA Hjelp med kopi av bevis på at du har betalt semesteravgifta ved den andre studiestaden. Husk å ta med fullt namn og studentnummer.
Sommarsemester
Studentar i sommarsemesteret betaler semesteravgift som også gjeld for hausten. Dersom dei skal halde fram med studiane i haustsemesteret, treng dei ikkje betale.
Refusjon av semesteravgift
Du kan få refundert semesteravgifta dersom du:
- Har betalt inn to gonger
- Har betalt inn for mykje
- Har betalt hos ein annan studiestad
- Ikkje har aktiv studierett ved fristen for refusjon
Frist for å få refundert semesteravgifta er 15. februar for vårsemesteret og 1. oktober for haustsemesteret.
Doktorgradsstudentar
"Doktorgradskandidatar som får stønad frå Statens lånekasse for utdanning etter reglane i sjette del i forskriftene til lov om utdanningsstønad til elevar og studentar, gjennom NUFU-programmet eller andre NORAD-finansierte program kan velje å betale semesteravgift. Ved tvil skal utdanningsinstitusjonen, etter å ha rådført seg med Studentsamskipnaden, avgjere om ein person skal reknast for å vera student etter første ledd." Jfr. Forskrift om studentsamskipnader § 17.
Dette betyr at det berre er dei doktorgradsstudentane som er i dei nemnde programma, eller som får stønad frå Statens lånekasse (etter gjeldande reglaer) som kan velje å betale semesteravgifta. Alle andre doktorgradsstudentar skal ikkje betale.
Betaling ved andre studiestader
Du treng berre å betala semesteravgift ved éin studiestad i Noreg, sjølv om du studerer ved fleire. Hovudregelen er at du betaler til studiestaden der du oppheld deg dette semesteret, eller der du tek flest studiepoeng dette semesteret. Har du eit utvekslingsopphald i utlandet skal du likevel alltid betala til UiA.
Dersom du har betalt til andre studiestad treng me dokumentasjon på dette. Gå til din Studentweb ved den aktuelle studiestaden, og vidare til Meir > Betaling. Her kan du lasta ned din betalte faktura i PDF-format og vedlegga han til hjelp@uia.no.