Jakob vil vere ein trygg vaksen for barn og unge

Jakob trivst svært godt på master i barnevern ved UiA. Han ønsker å bruke utdanninga til å gjere ein forskjell for barn og unge, og meiner det er heilt avgjerande at fleire menn vel barnevern.

Jakob Stokka Andersen

Jakob ser inn i kamera og smiler

Studerer:

Barnevern (master)

Det finst barn som er heilt avhengige av å møte trygge, stabile og omsorgsfulle menn i ein profesjonell samanheng, særleg dei som manglar det heime.

Kvifor barnevern?

Interessa for å jobbe med menneske, særleg barn og unge, har alltid vore til stades hos Jakob. Han ønskte ei utdanning som er samfunnsnyttig og som sikrar han arbeid i framtida. Ein viktig inspirasjon kom frå mora til kjærasten hans, som er beredskapsmor.

- Gjennom henne fekk eg eit nærare innblikk i kva barnevernsarbeid faktisk handla om, og kor stor forskjell trygge relasjonar og god oppfølging kan utgjere i eit barns liv. Tanken på at eg ein dag kan gå på arbeid og sjå at det eg gjer, bidreg til noko positivt for andre, var òg ein sterk motivasjon for meg.

Å vere mann i eit kvinnedominert fag

Jakob tenkte mykje på kjønnsfordelinga før han starta på studiet. Han var klar over at det å vere mann kan vere ein fordel i arbeidsmarknaden, men var samtidig litt skeptisk på korleis det ville vere å gå i ein klasse med få menn.

- Det har heldigvis gått heilt fint. Eg er nøgd med studentmiljøet i klassen. Me er to gutar i klassen, og jentene er inkluderande og lette å samarbeide med. Eg opplever at det ikkje er så mykje fokus på kjønn. Me er alle medstudentar.

Viktig med fleire menn i barnevernet

Jakob er tydeleg på at faget og arbeidsmarknaden treng fleire mannlege rollemodellar. Han påpeikar at det er heilt avgjerande at fleire menn utdannar seg innan barnevern for å dekke dette behovet.

- Det finst barn som er heilt avhengige av å møte trygge, stabile og omsorgsfulle menn i ein profesjonell samanheng, særleg dei som manglar det heime.

Jakob understreka også at både kvinner og menn tilfører viktige perspektiv, og at kjønnsbalanse kan styrke kvaliteten på tjenestene.

Eit studium og studentliv han tilrår

Jakob beskriv studiet som spennande, utfordrande og meiningsfullt. Det krev innsats og evne til å jobbe sjølvstendig, men han opplever det ikkje som vanskeleg i tradisjonell forstand.

- Ei typisk studieveke kan bestå av førelesingar, seminar og ein del eigenstudium. Det som gjer studiet ekstra interessant er at me har to lange praksisperiodar, der me får sjå korleis teorien fungerar i praksis.

Jakob trivst svært godt som student ved UiA, og tilrår både universitetet og Kristiansand som studieby.

- Eg trivst svært godt som student her på Sørlandet. UiA er eit passe stort universitet der det er lett å finne seg til rette, både fagleg og sosialt. Kristiansand er dessutan ein by som har det meste, alt frå gode restaurantar og kulturtilbod til flotte turområde, og alt ligg i omgåande nærleik. Og heilt ærleg, det er ingen plass som slår Sørlandet når sommaren kjem.

Vil du vite mer?

Les om studier i barnevern og sosialt arbeid ved UiA:

Spør Anine eller andre UiA-studenter selv i student-chaten:

Student-chat

Finn ut mer om UiA, studiebyene og studiene:

Bli student på UiA

Publisert 2. des. 2025 - Sist endret 3. des. 2025