Studentbevis
- Betal semesteravgifta og godkjenn utdanningsplanen din på Studentweb.
- Last ned Studentbevis-appen
Last ned frå App Store (iOS) Krev operativsystem iOS15
Last ned frå Google Play (Android) Krev operativsystem Android 12.0 - Logg inn med din UiA-konto
Studentbevis-appen fungerer som studentbevis hos blant anna studentsamskipnadene og kollektivtransportselskap. Appen kan også brukast som lånekort til lån av bøker på Universitetsbiblioteket.
Du treng framleis inngangskort for å tilgang til bygningar.
Du må ha registrert deg i Studentweb og ha betalt semesteravgifta før du kan ta i bruk appen. Dersom du er student ved fleire lærestader, må du velje den lærestaden der du har betalt semesteravgift.
Merk at studentbevis-appen er ikkje gyldig før du har tatt bilde. Vi tilrår at du bruker ein av fotoboksane på campus, eller last opp bilde her.
Inngangskort
Kriterium for bilde:
- Portrettformat
- Kvit bakgrunn
- Ingen hovudplagg eller solbriller: Religiøse hovudplagg er tillate.
- Ope øyer og lukka munn: Sjå rett fram
- Tydelig: Godt belyste bilder av fotokvalitet, maks 6 månader gammalt.
- Tullebilete blir ikkje godkjent
- Ingen svart/kvitt bilde
Hent inngangskortet (studentkortet) hos UiA Hjelp innan 2-3 arbeidsdagar. Du får ingen beskjed om at kortet er klart. Hugs gyldig legitimasjon og Studentbevis-appen.
Mista inngangskortet?
Har du mista inngangskortet eller ikkje har henta det innan eitt år må du kjøpe nytt. Du betaler 100 kroner på sjølvbeteningsautomaten ved UiA Hjelp.
Gløymt PIN-kode?
Sett ny firesifra PIN i fotoboksane på campus eller logg inn i skjema på denne sia.
Vent nokre timar for aktivering.
Dersom kortet er øydelagt/avmagnetisert skal det visast fram ved UiA Hjelp for bestilling av nytt.
Har du endra namn kan du bestille nytt kort her.
Ekstra tips:
- Fyll på printpoeng på sjølvbeteningsautomat ved UiA Hjelp.
- Digitalt studentbevis gir deg høve til å låne bøker på biblioteket. Trykk på dei tre prikkane oppe i høgre hjørne og vel “Bibliotekkort”.
- Treng du utvida adgang til rom, kontakt fakultetet eller foreleseren din.
- Du kan logga på skrivarane med UiA-kontoen din.
- Korta kan bli avmagnetisert dersom du oppbevarer det inntil mobilen.