Slutte før 1. september
Om du har fått studietilbod denne sommaren og ønsker å slutte før 1. september trenger du ikkje levere ei sluttmelding.
I Samordna opptak må du sei frå deg plassen i søknaden din. Logg inn og gå til "Sjå søknad". Heilt nederst på sida finn du "Sei frå deg tilbod etter svarfristen". Trykk på lenka og vel det du vil takke nei til, signer med at du forstår reglane og registrer.
Har du søkt via lokal Søknadsweb, må du sende e-post til opptak@uia.no. E-posten må inkludere søkjarnummer, kva studium det gjeld og at du ønskjer å seie frå deg studieplassen.
Slutte etter 1. september
Har du betalt semesteravgifta før du sluttar kan du få semesteravgifta refundert fram til 15. februar for vårsemesteret og fram til 1. oktober for haustsemesteret.
Ved spørsmål, ta kontakt med ditt fakultet/avdeling for lærarutdanning.
Du bruker vanleg brukarnamn og passord for å logge inn.