Møte, dokument og medlemer
Lov om universitet og høgskolar §10-10. Læringsmiljøutval
Kontakt oss
- E-post
- margret.k.dyrholm@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 23 23
Læringsmiljøutvalet til universitetet er det rådgivande utvalet til styret i saker som gjeld læringsmiljøet. Utvalet skal vere ein pådrivar i læringsmiljøspørsmål og bidra til diskusjon om læringsmiljø på ulike nivå i organisasjonen.
Læringsmiljøutvalet (LMU) ved Universitetet i Agder sorterer direkte under Universitetsstyret og skal bidra til at læringsmiljøet for studentane blir tilrettelagt på best mogleg måte, jf. føresegnene om læringsmiljø i lov om universiteter og høyskoler § 10-10.
Med læringsmiljø blir forstått
- fysisk læringsmiljø
- psykososialt læringsmiljø
- organisatorisk læringsmiljø
- pedagogisk læringsmiljø
- digitalt læringsmiljø
- individuell tilrettelegging
LMU skal sjå til at studiesituasjonen blir tilrettelagd i samsvar med gjeldande regelverk. LMU skal haldast orientert om og sjølv kunne ta initiativ til innsamling av relevante data som gjeld læringsmiljøet til studentane. Det skal leggast vekt på at LMU blir informert tidleg i igangverande prosessar, og avdelingane og fakulteta skal aktivt søke LMUs syn og medverknad.
Det er mogleg å melde inn saker som blir ønskte behandla i læringsmiljøutvalet. Studentar blir oppfordra til å melde inn eventuelle saker via Studentorganisasjonen i Agder (STA).
Læringsmiljøutvalet blir utnemnt for fire år av gongen. Studentrepresentantane blir utnemnde for eitt studieår.
Utvalet har følgande samansetning:
- Viserektor for utdanning
- Seksjonsleiar, Utdanningsavdelinga
- Avdelingsdirektør, Økonomi- og campusavdelinga
- 1 dekan
- 1 instituttleiar
- 1 Studieleiar eller Studieprogramleiar
- 6 studentar
Mandat for Læringsmiljøutvalet
Medlemer Læringsmiljøutvalet
Faste medlemer
Hilde Inntjore, viserektor for utdanning
Geir Torstveit
Aanon Grimnes
Morgan Konnestad
Inger Marie Dalehefte
Gunn Bjørnsen
Studentrepresentantar 2026/2027:
Felix Fabricius Knutsen
Anna Dahl
Håkon Liengen Kittilsen
Amir Krpo
Vilde Sofie Walderhaug
Jaime Segundo Oyarzun Montanares
Vararepresentantar
Hanne Graver Møvig
Marlene Romme Mørch
Kjetil Hellang
Kari Lunøe-Nielsen
Paul Ragnar Svennevig
Kristin Wallevik
Studentrepresentantar 2026/2027:
Isak Pettersen
Aurora Lovise Pettersen
Helene Osnes Vestre