Av Nils Hallvard Korsvoll
Publisert 12. des. 2024 - Sist endra 2. okt. 2025

Denne boka samlar bidrag frå fleire fagmiljø i grunnskulelærarutdanningane ved UiA, med fokus på studentaktiv læring og digital kompetanse i undervisning. Desse bidraga er ein del av prosjektet Studentaktiv læring i lærerutdanningane (STALU), som vart gjennomført frå 2020 til 2023 ved UiA.

Forfattarane utforskar, basert på eigen empiri og erfaring, kva ein lærar må kunne i dagens skule – og ikkje minst i framtida. Boka er skriven for studentar i grunnskulelærarutdanninga, men redaktørane påpeiker at ho også vil vere relevant for andre lærarutdanningar samt lærarar og skuleleiarar.

«I denne boka tilbyr vi eit kunnskapsbasert og nyansert perspektiv på det stadig meir komplekse landskapet der digital teknologi sett sine spor.»

Det første kapittelet rammer inn prosjektet og koplar det til relevante politiske og pedagogiske mål. Boka er skriven med utgangspunkt i Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse (PfDK rammeverket) og er orientert ut frå sosial-konstruktivistiske læringsteoriar som er godt etablert i norsk skule.

Vidare følger kapittel som, basert på ulike forskings- og utviklingsprosjekt, utforskar digitale, studentaktive læringsformer, enten i skulen eller i grunnskulelærarutdanninga. Kapitla bygger på eigen empiri, men knytter seg til ett eller fleire punkt frå PfDK-rammeverket. Boka omfattar ei rekke fag og ulike digitale verktøy. I slutten av boka finn ein eit kapittel om nettundervisning, sett i lys av erfaringane frå pandemien, og eitt om internasjonalt samarbeid gjennom digitale verktøy.

Kapitla er grunnleggande positive til ‘det digitale’ i skule og utdanning, men boka er likevel ikkje noko vekkelsesskrift. Pedagogiske og praktiske utfordringar blir belyst og inngår i ei drøfting som veier fordeler mot ulemper. Alle forfattarane understrekar at det er måten digitale verktøy blir brukt på, og ikkje berre det at dei blir brukt, som avgjør om dei fremmer læring og digital kompetanse.

«Denne problematikken blir ekstra synlig i det digitale landskapet, der nye verktøy og ny bruk av gamle verktøy både gir moglegheiter og skapar utfordringar i raskt tempo.» (s. 145).

Det er nesten som om Lenka Garshol og Susan Erdmann varslar om kunstig intelligens sitt inntog i skule og utdanning. Boka vart likevel ferdigstilt rett før dei store språkmodellene blei lansert vinteren 2022, og desse er merkbart fraværende, bortsett frå nokre referansar i det første kapittelet.

Dette bevisar nettopp Garshol og Erdmann sitt poeng: endringane kjem raskt, kanskje til og med for raskt for ei bokutgjeving. Garshol og Erdmann argumenterer dermed for at vi må fokusere på pedagogikken bak, og ikkje berre bruken av verktøya i seg sjølv.