Denne antologien er skriven for studentar, lærarar, lærarutdannarar og forskarar, og handlar om korleis kjerneelementa kan bli brukte og styrke undervising, forsking og profesjonsutvikling i samfunnsfag. Irene Trysnes og Katja H-W Skjølberg, begge lærarutdannarar i samfunnsfag, har samla andre kollegaer ved UiA, samt USN og OsloMet, til ei drøfting omkring samfunnsfagsdidaktikk i lys av kjerneelementa.
I utgangspunktet overraskar inngangen til temaet. Har ikkje kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun erklært LK20 daud og kasta kjerneelementa ut i ein nasjonalromantisk rus? Kjerneelementer i samfunnsfag: fagdidaktiske perspektiver er heller ikkje framand for å utfordre, og redaktørane sjølve ender boka med klar kritikk av både kjerneelement og læreplanen desse har førd fram til. Likevel står læreplanen enn så lenge, og boka gir, som Trysnes og Skjølberg skriv i forordet, ei fagleg innføring i samfunnsfaget i LK20.
Kapitla gir ei innføring i tilverkinga av kjerneelementa og læringsteorien som ligg bak dei, og Cathrine Edelhard Tømte skriv eit viktig kapittel om digitalisering og samfunnskritisk tenking, i lys av at samfunnsfag har fått særskild ansvar for digitale ferdigheiter i læreplanen. Ho finn, ikkje overraskande, at læreplanen korkje rommar eller peiker mot kva som trengs for born og unge i samfunnet i dag.
Fleire av bidraga vidare kjem frå forskarane sine eigne prosjekt og intervensjonar. Magnus Børre Bragdø skriv til dømes om bruk av rollespel for å ta opp berekraftig utvikling blant lærarstudentar, med gode erfaringar: «Rollespillet muliggjorde å sette seg inn i ulike perspektiver, og senket til dels terskelen for deltakelse» (s. 114). Gjennomgåande avsluttar kapitla med praktiske refleksjonar og tips til undervising.
Dette koplar diskusjonane til erfaringar frå skule og kvardag, noko som gir både truverd til slutningane som blir trekte og ei nyttig oversikt over studiane som er knytt til desse temaa. Vidare har redaktørane også lagd vekt på å ha med forskingsmetode og resultat, slik at alle kapitla tydeleg syner det empiriske belegget og framgangsmåten bak observasjonane.
Alt dette er riktig godt. Boka greier ut om føringane for og innhaldet i samfunnsfaget etter LK20. Men etter endt lesing lurar eg likevel på korleis boka treff Nessa Nordtun sitt nye, norske samfunnsfag. Det finnes rett nok ikkje enda, men dei tverrpolitiske signala peiker alle i retning av nasjons- og identitetsbygging – ikkje dybdelæring og kritisk refleksjon. Kva rolle spelar samfunnsfag og samfunnsfagsdidaktikken her?
