Boktips: Hvor skal du i helga? En bok om religionsmangfold, trosopplæring og skole

Bildet kan inneholde: skrifttype, reklame, grafisk design.
Av Nils H. Korsvoll
Publisert 26. mai 2025 - Sist endret 26. mai 2025

Kva skjer på trusopplæring for unge katolikkar og muslimar i Noreg? Korleis ser undervisinga ut, kva blir snakka om, og korleis heng det saman med debattar om religion og religionsmangfald i samfunnet elles og ikkje minst i skulen?

Antologien «Hvor skal du i helga?» gir utfyllande og fagleg oppdaterte svar på dette. I kapittel skrivne av pedagogar, samfunns- og religionsvitarar får me innsikt i spørsmål omkring identitet, tilhøyrsle, læring, meiningsutveksling og anna som går føre seg under katolsk katekese og såkalla moskéskular i Noreg.

Boka kjem frå NFR-prosjektet «Ikke-formell trosopplæring, offentlig skole og religiøse minoriteter i Norge» (FAITHED) (https://www.inn.no/forskning/forskningsprosjekter/faithed/). Det tek føre seg religiøst mangfald i skulen og samfunnet, med deltakarar frå pedagogikk, samfunnsvitskap og religionsdidaktikk.

Boka er primært retta mot lærarar og skuleleiarar, utdanningsforskarar og studentar i lærarutdanningane. Men innhaldet er også relevant for trusopplæring og ikkje minst for den vidare samtalen om (religiøst) mangfald i Noreg, skriv forfattarane.

Boka består av kapittel med ulike tema, skrive av ulike forskarar knytt til prosjektet. Nokre handlar berre om muslimsk eller katolsk trusopplæring, medan andre er samanliknande å har med begge. Alle kapitla har eigne innleiingar og utgreiing om teoretiske rammeverk og metode. Dette blir, etter mi meining, både ein føremon og ei ulempe.

Føremonen er at kapitla presenterer gode, oppdaterte gjennomgangar av relevant forskingslitteratur omkring temaet. Dette plasserer forskinga og bidraget tydeleg, samt at det hjelper ein mindre erfaren lesar til å orientere seg.

Samstundes gjer dette at empirien, altså sjølve funna som prosjektet har gjort, bokstavleg kjem i bakleksa. I fleire av kapitla må me til side fem eller seks før me når fram til resultata. Dette er synd då prosjektet og boka søkjer å nettopp løfte fram meir kunnskap om og betre kjennskap til desse fenomena, og eg er også redd at den omfattande teoretiske innpakkinga kan støyte bort heller enn invitere inn studentar.