Liste over samarbeidspartnere
- Blåkors (frivillig organisasjon)
- Erasmus+
- Fylkeskommunen
- HK-dir
- Kommuner
- lærebedrifter
- NAV
- Nasjonalt senter
- næringsforeninger
- næringsklynger
- opplæringskontorer
- Udir
- ungdomsskoler
- videregående skoler
Samarbeid med Arne Olav Lund
Arne Olav Lund tek inn eit aukande tal lærlingar og har ambisjonar om å halde fram med å utvikle seg som lærebedrift til det beste for bransjen, og lærlingane representerer framtida for bransjen.
Vi er no i gang med eit opplæringsprogram for instruktørar som følgjer opp lærlingar hos Arne Olav Lund (AOL). Dette programmet held fram utover hausten, der instruktørane får oppgåver som skal følgjast opp mellom kvar samling. Innhaldet i samlingane består av tematikkar som: ungdom og ungdomsperspektiv, første møte med lærlingen, frå første møte med lærlingen til det vidare arbeidet, instruktørrolla og vurdering.
SYA set pris på å samarbeide med ein stor regional aktør, der vi får innblikk i deira kvardag med lærlingar i anleggsbransjen.
Samarbeid med Sørlandsporten Teknologinettverk (STN+)
Martine S. Salater og Hans Otto Ringereide frå SYA har det siste året, 2022–2023, samarbeidd med STN+. STN+ er eit medlemseigd, tverrfagleg nettverk som skal styrkje og utvikle verksemder i Aust-Agder gjennom kompetanseheving, kunnskapsdeling og samhandling med styresmakter, forskingsmiljø og marknadsaktørar (STN+, 2023).
Vi har samarbeidd om:
«Fadderkurs»
«Fadderkurs» vart gjennomført for fire av medlemsbedriftene. Programmet for samlingane vart godt motteke av deltakarane, dei sette pris på å diskutere og utveksle erfaringar rundt tematikken: Dagens lærlingar. Det å få nye perspektiv og innsikt i ungdom og ungdomskultur kan vere til hjelp i møtet med lærlingar – som igjen kan bidra til å forbetre læretida og kollegafellesskapet.
Gjennom samarbeid med fleire bedrifter i fylket har vi registrert eit stort behov for å sjå nærare på korleis ein kan gje dagens ungdom vurdering og tilbakemeldingar som verkar. Det er viktig å gje tilbakemeldingar som fører til læring og utvikling hos den enkelte lærling – som igjen kan gje positive effektar for bedrifta!
Her er døme på tilbakemeldingar frå bedriftene:
«Samlingane har resultert i heilt konkrete forbetringar når det gjeld korleis vi tek imot nye lærlingar, korleis vi følgjer dei opp både fagleg og sosialt og, ikkje minst, korleis vi gjev vurderingar og tilbakemeldingar».
«Opplegget frå SYA var flott og peika på nokre punkt som eg opplever som svært relevante, heilt frå den dagen lærlingen kjem på jobb første dag og heilt fram til fagprøva».
Dialogmøte med rådgjevarar og tilsette frå ungdomsskular og vidaregåande
Dialogmøte med rådgjevarar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i den austre regionen, og næringssjefar frå to ulike kommunar. Tematikken for møtet var: rekruttering til yrkesfaglege studieretningar generelt. Jenter og «jentefag» vs. gutar og «guttefag» – korleis påverke tradisjonell rekruttering. STN si satsing på lærlingar: karrieremoglegheiter. Jobbmoglegheiter: lokalt, regionalt og nasjonalt.
Vi ser fram til vidare samarbeid!
- E-post
- norunn.e.grodeland@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 27 19