Finst det eigentleg fleire skeive norske filmar enn «Mannen som elska Yngve»? Og held han framleis stand som referansepunkt for skeiv norsk film?
UiA-forskar Johanne Christensen, som forskar på skeiv film og TV i Noreg, møter Mary Ann Skretteberg Warenius til ein levande og uhøgtideleg samtale om skeive karakterar, kjærleiksskildringar og representasjon i norsk film og TV.
Warenius er rådgjevar for kjønns- og seksualitetsmangfald ved UiA – Senter for likestilling, og ein av drivkreftene bak den skeive podkasten Skeiv Dagsorden, der film og seriar ofte står på agendaen. Denne kvelden tek dei praten vidare framfor publikum.
- Korleis har utviklinga vore dei siste åra?
- Kva kjenneteiknar ein god skeiv karakter?
- Og kva manglar framleis på skjermen?
Anten du er filmentusiast, seriejunkie eller berre nysgjerrig på korleis kjønn og seksualitet vert skildra i populærkulturen, er dette ein kveld for deg!
Informasjon:
- Dato: Torsdag 11. juni
- Klokkeslett: 18.30 - 19:30
Arrangementet er gratis og eit samarbeid mellom UiA – Senter for likestilling og SKAKK – Skeiv Kultur i Kristiansand, ei undergruppe av FRI Agder.
Kontaktperson:
- E-post
- mary.a.warenius@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 16 82